Ungdomspartileiarane summerer opp årets høgdepunkt, årets nedtur og årets TV-seriar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Simen Velle, FpU

– Årets høgdepunkt var heilt klart skulevalresultata! svarar FpU-leiar Simen Velle.

Framstegspartiet fekk heile 19,5 prosent av stemmene under skulevalet blant norske vidaregåandeelevar, noko som er meir enn dobbelt så høg oppslutnad som i 2019. Berre Høgre fekk fleire stemmer i årets skuleval, som svarar til det tradisjonelle fylkesvalet.

– Kva var årets nedtur?
– Bestemor gjekk bort i sommar, det har eg tatt ganske tungt.

– Kva håp har du for 2024?
– Eg kryssar fingrane for fred i Ukraina og på Gaza-stripa.

FpU-leiar Simen Velle. Foto: FpU
Cillian Murphy som J. Robert Oppenheimer i Christopher Nolan-filmen «Oppenheimer».

Liv Müller Smith-Sivertsen, Raud Ungdom

– Årets høgdepunkt må jo vera å feira Raud Ungdoms 60-års jubileum på haustkonferansen vår! svarar Liv Müller Smith-Sivertsen.

Ho tok over vervet som leiar for Raud Ungdom på landsmøtet i sommar, og deler ikkje Velle si begeistring for resultatet.

– Skulevalresultatet var jo ei tragedie!

Raudt gjekk frå 5 prosent oppslutnad i skulevalet i 2019 til 2,7 prosent i 2023.

– Kva håp har du for 2024?
– Eg håpar fleire får augo opp for den skeive maktbalansen i verda, og får lyst til å gjera noko med det.

Raud Ungdom-leiar, Liv Müller Smith-Sivertsen. RU
Kathrine Thorborg Johansen som Gro Harlem Brundtland i NRK-suksessen «Makta». | Foto: Motlys/Novemberfilm

Synnøve Kronen Snyen, Sosialistisk Ungdom

– Nedtur er ikkje eit dekkande ord, men Israels blodige krig på Gaza er utan tvil det som har opprørt meg mest, svarar SU-leiar Synnøve Kronen Snyen.

– Kva var årets høgdepunkt?
– At SU og SV gjorde sitt beste lokalval på 20 år!

Sosialistisk Venstreparti fekk 6,9 prosent oppslutnad og fekk med det 531 mandat i 238 kommunar. Aller best gjekk det i Rauma, der SV fekk 43,6 prosent av stemmene.

– Kva håp har du for 2024?
– At SV får ein solid olje-siger i neste års forhandlingar om statsbudsjett, slik at vi kan omstilla norsk økonomi frå fossil energi til fornybar, og nå verdas klimamål.

Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: SU
Arbeidarpartipolitikarane samla i NRK-suksessen «Makta». | Foto: Motlys/Novemberfilm

Unge Høgre, Ola Svenneby

– Kva var årets høgdepunkt?
– Då Unge Høgre vann skulevalet.

Høgre fekk heile 21,9 prosent av stemmene i skulevalet 2023. Det er ei solid auke frå 2019 då dei fekk 13 prosent av stemmene.

– Kva var årets nedtur?
– Alle verdshendingar som går i gal retning.

– Kva håp har du for 2024?
– At det ikkje går for mykje i gal retning.

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby. Foto: Unge Høgre
Anders Baasmo i rolla som Odvar Nordli i NRK-suksessen «Makta». | Foto: Motlys/Novemberfilm

Astrid Hoem, AUF

– Kva var årets høgdepunkt?
– AUFs sommarleir. Var skikkeleg fint å vera samla med verdas beste lag på verdas beste øy.

– Kva var årets nedtur?
– Bombinga av Gaza. Det er så vondt.

– Kva håp har du for 2024?
– Fred i Ukraina. Fred på Gaza. Fritt Palestina.

AUF-leiar Astrid Hoem. Foto: AUF
Jubelscener hjå arbeidarpartiet i NRK-suksessen «Makta». | Foto: Motlys/Novemberfilm

Ane Breivik, Unge Venstre

– Kva var årets høgdepunkt?
– Vi har fått fleire gode NOUer. Energikommisjonen tydeleggjorde behovet for meir fornybar energi og barnefattigdomsutvalet anbefalte ei kraftig auke og skattlegging av barnetrygda, i tråd med Venstres politikk. Eg er særleg nøgd med at Venstre sikra fleirtal for innføring av grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa.

– Kva var årets nedtur?
– Israel-Palestina-konflikten har blussa opp igjen, og vi har enno ikkje kome til ei fredeleg løysning i Ukraina.

– Kva håp har du for 2024? 
– Fred på jord, meir fornybar energi og at Senterpartiet går ut av regjering.

Unge Venstre-leiar Ane Breivik. Foto: Unge Venstre
Taylor Swift har gjort stor suksess òg på kino med Taylor Swift: The Eras Tour. Pressefoto.

Andrine Hanssen-Seppola, Senterungdommen

– Kva var årets høgdepunkt?
– Alle senterungdommane som stod på gjennom heile året og i skulevalkampen, frå nord til sør og frå aust til vest!

– Kva var årets nedtur?
– Er skuffa over at verdssamfunnet ikkje klarar å stå saman om å løyse konfliktar, og korleis det gang på gang råkar sivile. Også skuffa over Høgre, som ønskjer å gjera ting dyrare og vanskelegare for folk og næringsliv i distrikta, blant anna gjennom å gjera barnehage og SFO dyrare, innføra nye avgifter, ikkje byggja ut breiband i distrikta og kutta i kultur og frivilligheit.

 – Kva håp har du for 2024?
– Fred og tryggleik for folk i heile verda. Respekt for medmenneske og mindre hat og krig.

Senterungdomsleiar Andrine Hanssen-Seppola. Foto:SU
Tidlegare fotballspelar David Beckham har fått sin eigen Netflix-dokumentar i 2023. | Foto: Netflix

Hadle Rasmus Bjuland, KrFU

– Kva var årets høgdepunkt? 
– Når KrFU fekk gjennomslag for ja til kjernekraft på KrFs landsmøte.

– Kva var årets nedtur?
– Hamas sitt angrep på sivile israelarar 7. oktober.

– Kva håp har du for 2024?
– At Ukraina vinn krigen, og ei langvarig løysing på Israel-Palestina-konflikten.

Leiar i KrFU, Hadle Rasmus Bjuland. Foto: KrFU
Kathrine Thorborg Johansen som Gro Harlem Brundtland i NRK-suksessen «Makta». | Foto: Motlys/Novemberfilm

Tobias Sokkeland, Grøn Ungdom

I norsk politikk var det ikkje så mange høgdepunkt, men at eit nesten samla storting stemte gjennom langsiktig støtte til Ukraina gjennom Nansenprogrammet var godt å sjå.

– Kva var årets nedtur? 
Sjølv om det var forventa: Skulevalet

– Kva håp har du for 2024?
– Eg håpar 2024 kan bli eit år som snur ein trend der stadig fleire autoritære leiarar får makt, fleire går til krig mot andre folk og folkeslag, og leiarane ikkje tek klimakrise på alvor.

Leiar i Grøn Ungdom, Tobias Stokkeland. Foto: GU
NRK-suksessen «Makta» skildrar maktkampen i Arbeidarpartiet på 70-talet. | Foto: Motlys/Novemberfilm