Regjeringa vil gi politiet friare taumar til å slå ned på narkotikabruk
I vår kjem rusmeldinga til regjeringa. Her vil dagens regelverk rundt bruk og det å ha narkotika bli stramma inn.
Viss regjeringa får det som ho vil, får politiet større spelerom til å etterforske narkotikasaker, skriv Klassekampen.
– Det blir jobba for fullt med rusmeldinga, og vi tek sikte på å leggje ho fram i vår, skriv helseminister Ingvild Kjerkol i ein e-post til Klassekampen.
Ap og Sps alternative rusreform skulle eigentleg komme i fjor, men har late vente på seg. Helsepolitisk talsperson for Senterpartiet Lisa Marie Ness Klungland seier at det har teke tid å få avklart jussen.
– I dag følgjer ikkje politiet opp det å ha og bruke narkotika. Vi ser på kva rom det er for å endre det. Då blir det lettare å finne ut kven som driv med sal og import av narkotika, meiner ho.
Kva for nokre konkrete endringar dei vil gjere, får vi ikkje vite før rusmeldinga kjem til våren. Det offisielle namnet på meldinga til regjeringa er «førebyggings- og behandlingsreforma».
I 2022 var det 321 overdosedødsfall i Noreg. 74 fleire enn i 2021, ifølgje Folkehelseinstituttet.
● Les også: Kva kan du om rusmiddel?