Yu jobbar ulovleg som tatovør – fordi han ikkje er lege

I Sør-Korea er det ulovleg å tatovere nokon, med mindre du har legelisens. Det hindrar ikkje Yu frå å jobbe i eit tatoveringsstudio.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Den sørkoreanske identiteten – mellom det tradisjonelle og det moderne», der vi undersøker korleis det er å vere ung i Sør-Korea. Prosjektet er gjennomført med støtte frå Fritt Ord. 

– Far min veit faktisk ikkje at eg er tatovør. Han har eit veldig asiatisk tankesett og hatar tatoveringar, så eg held yrket mitt hemmeleg for han. Men mor mi veit kva eg gjer og støttar meg. Ho ønsker berre at eg skal vere lykkeleg.

Yu er kunstnarnamnet hans, for han ønsker ikkje å ha det ekte namnet sitt på trykk, sjølv om det er greitt å lenke til den private Instagram-kontoen hans. Framleis er det tabu å vere tatovør i Sør-Korea.

 

Sør-Korea

  • Innbyggartal: 51,7 millionar
  • Styreform: Republikk
  • Språket koreansk blir skrive med alfabetet hangeul.
  • Koreahalvøya blei delt i to etter andre verdskrig.
  • Koreakrigen (1950–53) enda med våpenkvile mellom Nord- og Sør-Korea. Ingen fredsavtale er signert.
  • Sør-Korea var eit av dei fattigaste landa i verda etter Koreakrigen, men er no verdas 13. største økonomi og medlem av G20. Den raske økonomiske utviklinga blir kalla «Mirakelet ved Han-elva».
  • Noregs nest største handelspartnar i Asia.
  • Populariteten til koreansk populærkultur utanfor Sør-Korea blir kalla «den koreanske bølga» (hallyu).

Kjelde: snl.no

Då han var liten, drøymde Yu om å lage manga for det japanske firmaet Shonen Jump. Men så møtte han ein tatovør som oppfordra han til å prøve tatovering i staden.

– Eg gjekk på ein tatoveringsskule for å lære meir. Der fann eg ut at eg har veldig stødige hender og eit talent for tatovering. Eg oppdaga at eg elska å tatovere, smiler Yu.

No har han vore tatovør i seks år og dekorert kroppane til tusenvis av menneske med kunsten sin. Men yrket hans er ikkje heilt lovleg i Sør-Korea.

Ein praksis i gråsona

Framtida møter Yu i eit tatoveringsstudio i Hongdae i Seoul. Området ligg i nærleiken av fleire universitet, og gatene ber preg av at dette er ein stad for studentar og utlendingar. Det merkar dei også i tatoveringsstudioet.

– Eg trur faktisk at eg tatoverte eit par frå Noreg førre veke, seier han.

YM Tattoo er ei tatoveringskjede med fleire studio. Dei har mellom anna eit studio inne på ein amerikansk militærbase, så soldatane der kan få ei tatovering. Dei har også eit studio på eit sjukehus som spesialiserer seg på å dekke over arr.

Det er ulike grunnar til at folk kjem innom studioet i Hongdae for å merke kroppane sine med kunst frå Yu.

– Nokon kjem med familien sin og vil ta ei tatovering som eit minne. Nokon vil ha ei tatovering fordi dei liker kunsten min. Og nokon berre elskar tatoveringar og ønsker å fylle kroppen sin. Alle har ulike grunnar, og det er ikkje noko rett eller gale.

Studioet er lett å finne med store skilt på gata. På Instagram og heimesida deira er det også lett å sjå kva dei driv med og korleis ein skal gå fram om ein ønsker ei tatovering. Det einaste som kan vitne om at det dei driv med er i gråsona, er at alle tatovørane berre er å finne med kunstnarnamn på heimesida.

Når kundar bestiller gjennom Instagram, er det mange som lurer på om det er trygt å tatovere seg der.

– Dei har høyrt at tatoveringar er ulovleg og er bekymra for at dei kan hamne i fengsel eller bli sende ut av landet. Men det er trygt å tatovere seg i Sør-Korea. Det verste som kan skje, er at vi som driv studioet må betale ei bot, fortel Yu.

Ulovleg utan legelisens

Ei avgjerd frå Høgsterett i Sør-Korea i 1992 definerte tatovering som ein medisinsk prosedyre. Det vil seie at berre legar har lov til å føre ei nål inn i huda på eit anna menneske. Dei som bryt forbodet, risikerer å få bot eller fengselsstraff.

I fleire år har tatoveringsorganisasjonar i Sør-Korea arbeidd for å endre dette. Enn så lenge utan resultat. I 2022 heldt Høgsterett fast ved forbodet mot at andre enn legar får tatovere. Det trass i at det finst nesten 50 000 tatovørar i landet.

– Vi som er tatovørar kjem ikkje til å gå mange år på skulen for å bli legar og så tatovere, så teknisk sett er det vi driv med ulovleg, seier Yu.

Likevel går ikkje Yu rundt og er for bekymra over konsekvensane av yrket han har valt, og han har aldri hatt problem med politiet. Men det er visse utfordringar, som å betale skatt. Sidan det ikkje er nokon stad å registrere seg som tatovør eller tatoveringsstudio når dei betaler skatt, er det vanskeleg å gjere rett.

– Sei at du blir tatt for å tatovere. Du kan få ei bot for det, men viss politiet går gjennom historikken din og ser at du har tatovert i ti år og aldri betalt skatt av det, får du ei stor bot. Så skattesvindel er nok det største problemet med tatoveringar i Sør-Korea.

Yu har inntrykk av at dei fleste tatovørar opererer åleine i private leilegheiter. Viss du som kunde betaler kontant for tatoveringa, er det sannsynleg at tatovøren ikkje betaler skatt. Men større studio, som Yu sitt, tar kortbetaling og betaler skatt.

– Sidan vi ikkje kan registrere studioet som eit tatoveringsstudio, har vi registrert det som ein skjønnheitssalong. Så vi betaler mykje skatt og gir mykje skattepengar til landet, smiler Yu.

Forbunde med kriminalitet

Tatovering har ei lang historie i Sør-Korea. Yu fortel at i gamle dagar var tatoveringar ein måte å markere at nokon var kriminelle. Dei fekk ein strek tatovert på seg for kvart lovbrott dei gjorde. Den felles historia som Sør-Korea har med Japan, har påverka kva sørkoreanarar tenker om tatoveringar i dag, meiner Yu.

– I tatoveringsindustrien kallar vi tatoveringar i japansk stil for irezumi. Meininga bak irezumi-tatoveringane var å beskytte krigaren, den som bar dei, langt tilbake i samurai-tida. Men det endra seg då fleire yakuza, japanske gangsterar, fekk tatoveringar. Då blei tatoveringar forbunde med noko skummelt eller kriminelt.

Tatoveringar var altså ikkje mote, men noko som hadde med kriminalitet å gjere. Dette tankesettet heng att i Sør-Korea i dag, sjølv om Yu meiner at det endrar seg.

– Viss du som meg, har ei søt tatovering av karakteren Totoro, så betyr jo ikkje det at du er ein gangster. Men særleg den eldre generasjonen vil sjå på alle tatoveringar som noko negativt.

Han er heller ikkje heilt fri frå det tradisjonelle tankesettet.

– Sjølv om eg er tatovør, så reagerer eg med å synest det er skummelt viss eg ser menneske som er fulle av tatoveringar, for eksempel i ansiktet. Sidan eg har tatovert mange folk veit eg at tatoveringar ikkje betyr at du er ein slem person. Men den første reaksjonen min er å bli redd.

Vanskeleg å bli tatovør

Korleis blir ein tatovør i eit land der det er vanskeleg å drive yrket lovleg? Yu har inntrykk av at dei fleste startar åleine. Dei ser på YouTube-videoar, kjøper utstyr på nettet og lærer seg sjølv korleis dei skal tatovere.

Ein annan måte er å gå i lære hos ein tatovør. Men det finst også tatoveringsskular i Sør-Korea.

– Faktisk er dei fleste av tatoveringane eg har, laga av studentane mine, seier Yu og viser fram venstrearmen.

I tillegg til å sjølv ha lært kunsten å tatovere på ein slik skule, underviser han i dag nye tatovørtalent.

– Sør-Korea er eit veldig strengt land, det er veldig viktig med utdanning, og foreldre vil at du skal bli lege eller advokat. Når nokon sørkoreanske kundar kjem for å tatovere seg, vil dei gjerne sjå kor mykje utdanning du har, sjølv om det ikkje finst noko offentleg sertifikat.

I tillegg er sørkoreanske kundar perfeksjonistar. Yu samanliknar samfunnet med USA, der han har budd.

– Der var haldninga at sjølv om det var ei dårleg tatovering, var det framleis eit minne. Men Sør-Korea er eit veldig visuelt land. Vi liker å sjå vakre ting. Ein person som skal på butikken, føler at dei må ha på seg sminke og fine klede, og vi elskar å vere moteriktige. Det gjeld også tatoveringar. Sørkoreanarar kan ta ei tatovering som skal vere som eit minne om noko spesielt, men ho må også vere perfekt, meiner Yu.

Men sidan tatoveringar er tabu, er det svært vanskeleg å finne sine første kundar for å bygge opp porteføljen som tatovør.

– Eg har derfor gitt venstrearmen min for dei av studentane mine som slit med å finne nokon å tatovere, smiler han

Yu har overraskande få tatoveringar til å vere tatovør. Han har berre dekorert den venstre armen opp til skuldra.

– Eg elskar tatoveringar, sjølvsagt, det er derfor eg starta å tatovere. Men eg liker ikkje smerte, ler Yu.

Ein annan grunn til at berre ein del av kroppen hans er fylt med blekk, er at det er lettare å skjule. Både frå familien og i samfunnet. Han reiser ofte til Japan, og der er det ikkje lov å gå i fornøyelsesparkar eller sauna viss du har tatoveringar. Også i Sør-Korea kan du få problem nokre stader viss du kjem med store tatoveringar.

– Så eg ønsker å ha moglegheita til å framleis gå dei stadene. Sidan eg berre har tatoveringar på den eine armen min, kan eg dekke dei.

Kunst som er lett å skjule

Dei ulike tatovørane i studioet i Hongdae spesialiserer seg på ulike stilar. Yu er spesialist på anime og det som blir kalla «Korean style».

– Den sørkoreanske stilen har veldig fine linjer og detaljar. Utanfor Sør-Korea er det mange som ikkje liker denne type tatovering fordi dei er redde for at dei vil bleikne raskare. Men eg har hatt denne i fleire år og den ser like fin ut, seier Yu og viser fram eit detaljert skip ein av studentane hans har laga.

Det er mange som liker denne detaljerte stilen i Sør-Korea, ifølge Yu. Det meiner han heng saman med at dei tatoveringane er lettare å skjule.

– I Hongdae vil eg seie at meir enn halvparten av dei du ser på gata har tatoveringar, men dei fleste tatoveringane er skjulte. Sørkoreanarar liker dei fine, detaljerte tatoveringane, fordi dei er lettare å gøyme under klede.

Håper tatoveringar blir sett på som kunst

Haldningane til tatoveringar er svært like i Sør-Korea og i Japan. I 2020 bestemte Høgsterett i Japan at japanske tatovørar ikkje treng legelisens.

– Så det er berre eit spørsmål om tid før det endrar seg i Sør-Korea også, seier Yu.

Han håper at sørkoreanarar vil synast det er meir akseptabelt med tatoveringar, og at for eksempel arbeidsplassar ikkje vil unngå å tilsette nokon berre på grunn av blekket dei har på kroppen.

– Eg håper folk i Sør-Korea vil begynne å sjå på tatoveringar meir som kunst enn som symbol. Mange her tenker at tatoveringar er eit symbol for at du er ein gangster, men du kan ha ei tatovering berre fordi du liker kunsten.

Trass i fordommane han møter, elskar han jobben sin.

– Eg elskar å teikne og å gi meisterverk i gåve til andre. Det er ein fantastisk måte å spreie kunsten min på. Det å teikne på hud er veldig forskjellig frå å teikne på papir. Samtidig som eg elskar kunst på veggen, er det å ha kunstverket mitt på eit anna menneske, ein veldig spesiell følelse.