Nord-Korea sende ballongar med søppel til Sør-Korea

Over 200 ballongar flaug over grensa.

Synne Ulltang
Publisert

Saka var først publisert i Framtida Junior, systeravisa til Framtida.no.

Tysdag natt sende myndigheitene i Sør-Korea ut ei naudmelding til dei som bur i hovudstaden Seoul og i Gyeonggi. Meldinga sa at det var eit luftangrep, og at innbyggarane måtte unngå utandørsaktivitetar. Viss dei såg nokre mistenkelege brosjyrar, måtte dei gi beskjed til militæret.

Men det var ikkje eit luftangrep med brosjyrar som trefte Sør-Korea. Nord-Korea sende over 200 kvite ballongar med søppelposar til nabolandet. Søppelet var mellom anna plastflasker, batteri, delar av sko og avføring.

– Desse handlingane til Nord-Korea bryt klart med internasjonal lov og er ein seriøs trussel mot tryggleiken til folket vårt, seier Joint Chiefs of Staff (JCS) ifølge nyheitsbyrået Yonhap. JCS er ein del av det sørkoreanske militæret.

BALLONG: Denne ballongen frå Nord-Korea hamna i Sør-Korea. Foto: South Korea Presidential Office via AP / NTB

Ballongkrig

Det er ikkje første gong ballongar flyg over grensa mellom Nord-Korea og Sør-Korea. Aktivistar i Sør-Korea har i årevis sendt brosjyrar til Nord-Korea der dei oppfordrar folket til å gjere opprør mot nordkoreanske myndigheiter. Aktivistar i Sør-Korea har også sendt minnepinnar med k-pop, som er forbode å høyre på i Nord-Korea.

Nord-Korea har på si side tidlegare sendt ballongar med sigarettrestar og brukt toalettpapir.

SEOUL: Søppel ligg strøydd i Seoul 29. mai etter at Nord-Korea sende ballongar inn i Sør-Korea. Foto: South Korea Presidential Office via AP / NTB

Koreahalvøya blei delt i to etter andre verdskrig. Koreakrigen (1950–53) enda med våpenkvile mellom Nord-Korea og Sør-Korea, men ein fredsavtale er enno ikkje signert.