Kim Yu-rim (26) blei overraska då Peder Elias song på koreansk: – Ei gåve

Ein trønder smelter hjarte i Sør-Korea. Der er det fleire som seier «peranghae», ein kombinasjon av ordet for «å elske» på koreansk (saranghae) og namnet til artisten Peder Elias.

Synne Ulltang
Publisert
Oppdatert 18.12.2023 10:12

Denne saka er ein del av artikkelserien «Den sørkoreanske identiteten – mellom det tradisjonelle og det moderne», der vi undersøker korleis det er å vere ung i Sør-Korea. Prosjektet er gjennomført med støtte frå Fritt Ord.

– Eg har vore fan i rundt 500 dagar, fortel 26 år gamle Kim Yu-rim.

Ho leiter fram eit signert mobildeksel, konsertbillettar, flybillettar og tre heimelaga banner. Objekta ho har samla, fyller raskt opp kafébordet.

Kim er frå Ansan, ein by som ligg om lag ein og ein halv time frå Seoul. Ho møter Framtida.no på ein kafé i Ikseondong-området i hovudstaden for å snakke om fankultur. Førre gong ho var i Seoul, var i slutten av oktober. Då hadde ho tatt turen for å sjå favorittartisten: Peder Elias frå Trondheim.

Sørkoreansk popmusikk, k-pop, har fans over heile verda. Tal frå Korea Foundation viser at koreansk popkultur hadde 178 millionar fans i 2022. Dei fleste fans bur i Asia, men den største auken i fjor var blant europeiske fans. Samtidig som mange sørkoreanarar diggar idol som syng på koreansk, finn nokon – som Kim Yu-rim – idol frå den andre sida av verda å følge.

 

Sør-Korea

  • Innbyggartal: 51,7 millionar
  • Styreform: Republikk
  • Språket koreansk blir skrive med alfabetet hangeul.
  • Koreahalvøya blei delt i to etter andre verdskrig.
  • Koreakrigen (1950–53) enda med våpenkvile mellom Nord- og Sør-Korea. Ingen fredsavtale er signert.
  • Sør-Korea var eit av dei fattigaste landa i verda etter Koreakrigen, men er no verdas 13. største økonomi og medlem av G20. Den raske økonomiske utviklinga blir kalla «Mirakelet ved Han-elva».
  • Noregs nest største handelspartnar i Asia.
  • Populariteten til koreansk populærkultur utanfor Sør-Korea blir kalla «den koreanske bølga» (hallyu).

Kjelde: snl.no

Det var heilt tilfeldig at Kim blei fan av ein norsk artist. Songen «Loving You Girl» var populær i Sør-Korea, og ho høyrde han ofte på kaféar og i sosiale medium.

– Viss eg høyrer ein song eg liker, pleier eg å høyre gjennom alle songane til artisten. Då eg høyrde gjennom resten av songane til Peder, likte eg det eg høyrde. Men eg tenkte ikkje meir på han.

Så blei ho med ei venninne på ein festival i Seoul. Ein av dei som opptredde, var den norske artisten.

På dagen for utandørskonserten var det regn og kaldt. Men Kim blei ståande i regnet og vente.

– Då Peder Elias kom på scena, stoppa regnet og sola kom fram. Folkemengda klappa, og han stod der i raude bukser og song. Då fekk eg auga opp for at han ikkje berre hadde fine songar og ei god stemme, han er også kjekk og høg, ler Kim.

Konserten var startskottet for samlinga av Peder Elias-memorabilia. Heime på rommet i Ansan har ho ein eigen boks, og samlinga har vakse i løpet av dei nesten to åra som har gått.

Brukte tre dagar på å lage lysstav

Det er fleire måtar å vere ein god fan på, meiner Kim. Ein måte er å høyre på songane ofte. Kim er barista og pleier å sette på musikk av Peder Elias når ho er på jobb slik at fleire skal få auga opp for musikken hans. Men ein annan viktig del av fankulturen i Sør-Korea, er å kjøpe eller lage ting for å vise støtte til artisten du liker. Som for eksempel «fan lights», eller lysstavar.

Fans i Sør-Korea har gjerne med seg ein lysstav på konsertar for å vise si glødande støtte til idola sine. BTS sine fans, som kallar seg Army, har lilla lysstavar. Blackpink sine fans, som kallar seg Blink, har rosa lysstavar. Du kan også vise at du ikkje liker ei gruppe eller eit idol ved å skru av lysstavane, eit fenomen som heiter «black ocean».

Det finst ikkje nokon offisiell fandom for Peder Elias, og han sel heller ikkje lysstavar. Då Kim fann ut at Peder Elias mangla dette, tok ho saka i eigne hender. I løpet av tre dagar hadde ho laga fire stavar som lyser i gult. Ein av dei gav ho til Peder Elias.

– Mønsteret på lysstaven er ein sommarfugl fordi Peder er veldig glad i sommarfuglar. I tillegg har eg teikna han og hunden hans, seier Kim.

Fandomen er viktig for Peder Elias

Norske Peder Elias fekk tidlegare i år Spellemannsprisen 2022 for Årets internasjonale suksess for sin suksess i Sør-Korea.

Peder Elias sjølv hadde ikkje tid til å kommentere saka, men manageren hans, Luisa Rolander, fortel at sørkoreansk fankultur er heilt unik.

– Det som gjer sørkoreansk fankultur så fantastisk, er korleis dei klarer å organisere seg som ein fandom. Fansen er ikkje berre passive lyttarar, men bruker verkeleg tid og pengar på å støtte artisten sin. I motsetning til mange vestlege fans, er dei klar over strukturane i musikkindustrien og kva dei må gjere for å for eksempel få artisten dei liker inn på hitlistene.

Rolander held til i Seoul. I tillegg til lysstavar, fortel ho at fansen hadde bretta små papirfly før konsertane Peder Elias heldt i Sør-Korea i haust.

– Då Peder Elias song «Paper Plane», overraska dei han ved å sende dei vakre papirflya opp mot scena.

Rolander fortel at fansen betyr mykje for Peder Elias.

– Denne type fandom er kjempeviktig for oss, fordi det skapar eit spesielt band mellom artisten og fansen. Innsatsen til fansen kan bety ein stor forskjell, då dei på ein måte blir ambassadørar og i stor grad ber karrieren og suksessen til artisten, seier Rolander.

Eit annleis idol

For Kim er Peder Elias annleis enn sørkoreanske idol fordi han kommuniserer så aktivt med fansen på Instagram.

– Viss du taggar Peder i ein story eller sender han ei melding, ser han den, trykker hjarte eller sender eit svar. Gjennom desse små handlingane føler eg det ikkje berre er einvegskommunikasjon. Det at det er mogleg å kontakte han direkte, gjer at eg vil støtte han meir.

Kim er også imponert over at ein artist frå Noreg reiser heilt til Sør-Korea.

– Eg veit ikkje så mykje om Noreg, men eg veit at det ikkje går direktefly til Sør-Korea. Likevel har Peder reist tre gonger til landet mitt.

I tillegg til å reise langt er språk eit anna sjakktrekk for å imponere fansen. Sørkoreanske idol som prøver å slå gjennom i utlandet, syng gjerne på engelsk. Tal frå den sørkoreanske hitlista viser at bruken av engelske ord aukar. Men det er svært sjeldan at ein utanlandsk artist syng på koreansk. Då Peder Elias gjorde det under konserten Kim nyleg var på i Seoul, blei ho overraska.

– Eg blei skikkeleg rørt over at han hadde øvd på koreansk. Songen var som ei gåve til oss fans.

Nye venner og nye draumar

Det å vere fan har gitt Kim nye venner. Sidan dei fleste er på same alder og har venta på Peder Elias på flyplassar eller konsertar, har det vore lett å bli kjent. Eigentleg skulle den eine venninna møte oss på kaféen, men ho måtte jobbe.

– Eg og vennene mine er alle så travle, så Peder må komme tilbake til Sør-Korea snart slik at vi får ein grunn til å møtast, smiler ho.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av @udimu_dim__

Kim fortel at det er travelt og dyrt å vere ung i Sør-Korea. I vanskelege situasjonar har ho funne mykje styrke i songane til Peder Elias.

– Korleis har det å vere fan påverka livet ditt?

– Hm, eg har kanskje fått mot til å ta utfordringar? Eg hadde aldri førestilt meg at eg kom til å like ein utanlandsk artist, fordi eg tenkte at språket ville vere for utfordrande for meg. Men no har eg mellom anna reist til Taiwan for å delta på ein konsert.

Dei engelske songtekstane hjelper ho også til å bli betre i språk.

– Dei gongane eg har møtt Peder, har eg vore frustrert over at eg berre kunne seie nokre ord, eller at eg måtte snakke via venner som var betre i engelsk. Men på grunn av dette studerer eg no engelsk aktivt, for eg har så lyst til å kunne ha lengre samtalar med han!

Engelskkunnskapane hjelper ho også med å oppfylle framtidsdraumen.

– Eg har framleis ein lang veg att, men å betre engelsken min vil vere bra for ein karriere som flyvertinne. Det er draumen min no, å bli flyvertinne, og å reise til Noreg for å sjå nordlyset, smiler Kim.