Oliver Lovrenski blant dei nominerte til Tarjei Vesaas’ debutantpris
Det litterære stjerneskotet Oliver Lovrenski kappast med Maren Barlien, Monica Goksøyr og Signe Holm om Tarjei Vesaas' debutantpris for 2023.
Den norske Forfatterforenings litterære råd har plukka ut fire kandidatar til den gjæve prisen blant dei aktuelle debutantane i fjor.
Tarjei Vesaas oppretta prisen i 1964 for pengane han fekk då han vann Nordisk råds litteraturpris med «Isslottet», og han skal gå til beste skjønnlitterære debutant under 35 år.
Prisvinnaren blir offentleggjord 9. mars, og prisutdelinga skjer på Forfatterforeningens årsmøte.
Oliver Lovrenski (f. 2003) kom med «Da vi var yngre», som vart Bragepris-nominert og gjorde han til den yngste vinnaren i historia av Bokhandlerprisen.
Maren Barlien (f. 1991) debuterte med romanen «Einbreid Bru», Monica Goksøyr (f. 1990) med novellesamlinga «Slemme jenter», og Signe Holm (f. 1990) med romanen «Godset».