Åshild Slåen
Publisert

– Eg er generelt oppteken av at sjølve historia skal vere god, at ho kan røre lesaren slik at hen kan ha ho med seg i tankane ei stund etter at boka er lese. Men eg trur språkføring likevel trumfar alt.

Det skriv debutant Maren Barlien Guntvedt til i ein e-post til Framtida.

Namsosingen kom i august ut med boka Einbreid bru på Samlaget, ein roman om norske Astrid som flyktar til landsbygda på Island for å arbeide med hestar. Der treff ho den aldrande psykologen Gudmundur Gudmundsson.

Maren Barlien Guntvedt

Alder: 32

Frå: Namsos

Utdanning: Utdanna pianist og organist frå London og Trondheim, Bachelor i nordisk språk frå NTNU tek no ein master i omsetting ved universitetet i Reykjavík

Yrke: Omsettar og organist

Språket styrer

Interessa for Island og språk har påverka litteraturen Barlien arbeider med. Akkurat no har ho Innsirkling av Carl Frode Tiller på nattbordet.

– Kva bøker les du helst?

– Eg les særs ofte for å lære noko, til dømes dersom eit stilgrep eg er interessert i eller for å bli betre til andre språk. Då er sjanger som regel litt underordna. Tiller les eg no fordi me begge er frå Namsos og eg er nysgjerrig på om dialekta er synleg i nynorsken hans. Men skulle gjerne ha lese meir god fantasy for moro skuld.

– Kor les du?

– Sama kor, men helst liggjande. Eg sit for mykje på jobb.

Høgtlesing på kasett

– Kven las for deg som liten?

– Etter at foreldra mine skilde seg og familien vart splitta mellom to land, sende far min kassettar frå Danmark heim til meg og bror min, der han sjølv las Ole Aleksander Filibombombom. Dei høyrte vi på om att og om att i fleire år.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Frå eg var 9 til 21 las eg omtrent berre Ringenes Herre og Harry Potter-bøkene om att og om att, jamvel på fleire språk, eg fekk nesten ei kjensle av å vere utru om eg las noko anna. Tempelriddartrilogien til Jan Guillou og Uten en tråd av Jens Bjørneboe trur eg er dei einaste bøkene eg klarte å komme gjennom utanom dei.

Og dersom ho kunne ha skrive Harry Potter-bøkane sjølv, under pseudonym for å unngå kjendismaset, skulle ho gjerne hatt den suksessen og pengane.

Likevel, ho har sjølvinnsikt i kor slitt bøkene kan vere når ho blir spurt om kva bokkarakter ho kjenner seg mest att i:

– Eg har begynt å få så smått fnatt av nittitalsungar som lever seg for mykje inn i Harry Potter som vaksne, men eg må innrømme at det nok er Hermine Grang. Ho er flink og oppteken av å lære, og er samstundes pragmatisk nok til å bryte reglar om ho synest det er nødvendig.

Bokomslaget på Harry Potter og de vises stein. | Bokomslag: Kazu Kibuishi / Cappelen Damm

Språkhistorie med Tolkien

– Kva bok meiner du er undervurdert?

– Husmorlitteraturen som følger vekeblada i Noreg. Eg las eitt bind av «Nattmannens datter» av May Lis Ruus som research, fordi eg vurderte å sende inn manus til ein konkurranse hos Norske Serier. Men eg innsåg at det faktisk var gjort eit så godt historisk overtydande (for meg, i alle fall) arbeid med den boka at eg ikkje turte likevel.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– J.R.R. Tolkien, fordi eg ikkje har nok folk å diskutere grammatikk og språkhistorie med i kvardagen.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Same mann, delvis av same grunn, men òg fordi det er ei heilt enorm mengd av materiale å fordjupe seg i.

Debutantboka til Barlien, Einbreid bru, kom ut i slutten av august, men ho har allereie fått tenke litt gjennom kven som kunne spelt karakterane i ein film.

– Den kvinnelege norske hovudrolla er eg ikkje sikker på, men eg trur islandske Ingvar E hadde vore god som den gamle psykologen Gudmundur.

– Kor mykje les du sjølv i løpet av eit år?

– 10-20 bøker, omsettingsarbeidet har det med å drepe leselysta litt på fritida.

Fotfattar Maren Barlien skulle gjerne hatt J. R. R. Tolkien på middagsbesøk. | Foto: Samlaget