Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 12.12.2023 15:12

– Eg har alltid hatt eit hjarte for novellesjangeren, men nyt sjølvsagt også ein god roman. Innimellom unner eg meg litt lyrikk. Tematisk ser eg ingen grunn til å setje grenser, alt handlar vel i botn og grunn om kjærleiken i ei eller anna form. Etter kvart har eg lese stadig meir sakprosa, gjerne om psykologi, filosofi og samfunn.

Omslag: Aschehoug

Monica Goksøyr frå Runde på Sunnmøre arbeider som jurist, men no debuterer ho som forfattar med novellesamlinga Slemme jenter.

Etter at ho byrja å arbeide fulltid, les ho om lag 5-6 bøker i året.

Her har den dumme smarttelefonen også gjort mykje skade og konsumert seg inn i mange av dei tidslommene som før gjekk med til bøker, som bussturar og lunsjpausar.

Så kva går det mest i? Vi har kika i bokhylla til forfattardebutanten!

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Romanen Klara og Solen av Kazuo Ishiguro og novellesamlinga Kveld i paradis av Lucia Berlin.

Omslag: Forlaget Oktober og Cappelen Damm

Kor les du?

– På kollektivtransport, i kafear, på biblioteket, i naturen og på sengekanten. Dei siste åra har dessverre smarttelefonen fortrengt mange av dei små tidslommene som før gjekk med til litteratur, men dette skal eg nok samle opp nok viljestyrke til å få endra på!

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Før eg byrja å lese sjølv var det for det meste pappa og bestemor som las til meg. Då gjekk det gjerne i gamle bøker som pappa sjølv hadde vakse opp med, Brødrene Grimms eventyr, Bobsey-barna og Disneys eventyrbøker frå 60-talet, i tillegg til Astrid Lindgren og Roald Dahl.

– Eg hugsar også at mamma las teikneseriar frå Thailand som alltid var frykteleg triste, det handla alltid om fattige barn med døde foreldre og sjuke bestemødrer som måtte leite etter mat på søppeldynga for å overleve.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Eg hugsar at eg i ung alder lånte ei bok på bokbåten som heitte Slaveliv av Gary Paulsen og som gjorde usletteleg inntrykk. Det handla om livet til ei afroamerikansk jente under slavetida i USA og hennar hemmelege kamp for å lære å lese. Etter dette las eg Onkel Toms hytte av Harriet Beecher Stowe.

– Ei anna bok som eg trudde skulle vere kjedeleg, men som gjorde sterkt inntrykk var Charlotte Brontës Jane Eyre som eg las som 16-åring. Men den faste følgevenen gjennom heile tenåra var sjølvsagt Harry Potter-bøkene.

Kva bok skulle du ønske du hadde skrive?

– Vanskeleg å velje, men De polyglotte elskerne av Lina Wolff synest eg er eit originalt meisterverk; sår, morosam og både absurd og meiningsfull på same tid. Eg skulle gjerne hatt Wolffs unike talent!

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Amerikanske Miranda July! Eg tilrår novellesamlinga hennar No one belongs here more than you frå 2007, som er ein eksplosjon av uventa og høgst original skjønnheit.

Omslag: Canongate Canons

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Av og til snublar ein over litteratur som kjennest som om det ikkje er jobba fram, men som om det alltid har eksistert akkurat slik det står, i sin perfekte kaotiske harmoni, som eit naturfenomen. Slike forfattarar som let meg gløyme at det finst ein forfattar er etter mitt syn dei beste. Og om du kan få meg til å le og gråte på same tid, vekkje sympati for den usympatiske og vise meg verda frå eit nytt og uventa perspektiv, får du terningkast seks av meg.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Dei bortkomne, lengtande og smertefullt pinlege kvinnene i Miranda Julys No one belongs here more than you.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Oscar Wilde verkar som ein ganske interessant og festleg type.

Oscar Wilde. Foto: Offentleg eigedom, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=692360

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Enkelt – Haruki Murakamis magiske realisme. Då hadde eg aldri kjeda meg.

Kven ville du valt til å spele hovudrolla i boka di?

– Barndomsdraumen var å bli skodespelar så då dristar eg meg til å seie meg sjølv, haha! Elles er eg fan av den svenske skodespelaren Gizem Erdogan kjent frå seriane Den tynne blå linjen og Kalifat.


HER KAN DU SJEKKE UT FLEIRE BOKHYLLER!

Forfattar Maren Uthaug vart inspirert av stillehavssamfunn som drap guteborn. Foto: Simon Klein-Knudsen/Samlaget

Fakta

Alder: 32 

Frå: Øya Runde i Møre og Romsdal

Utdanning: Bachelor i sosialantropologi og master i rettsvitskap (juss)

Yrke: Jurist