Breitt fleirtal i Stortinget seier nei til boikott og sanksjonar mot Israel

– Det ville skade veldig mange av dei prosessane vi er djupt inne i, seier utanriksminster Espen Barth Eide.

NPK-NTB
Publisert

Eit breitt stortingsfleirtal har som venta sagt nei til fleire forslag om sanksjonar og boikott av Israel som følgje av krigen i Gaza.

Gaza-krigen vart heftig debattert i Stortinget førre torsdag, men voteringa for fleire av forslaga om straffetiltak mot Israel vart utsette til denne veka.

Det gjaldt mellom anna Raudt og SVs krav om at regjeringa må ta initiativ til internasjonale sanksjonar mot Israel og ein internasjonal våpenembargo mot Israel.

Forslaget fekk støtte av SV, Raudt og MDG.

Det same gjaldt eit forslag om forbod mot import og eksport og levering av varer og tenester som bidreg til inntektene til det israelske regimet, altså boikott.

Også eit forslag om å trekkje oljefondet ut av selskap knytt til Israels okkupasjon vart nedstemt.

Breidt fleirtal

På førehand hadde eit fleirtal beståande av Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti varsla at dei ville stemme nei til alle dei 30 forslaga.

Fleirtalet stemde også ned eit forslag om å åtvare norsk næringsliv mot å handle med israelske selskap så lenge krigen i Gaza går føre seg.

Heller ikkje eit mildare sanksjonsforslag frå Venstre fekk fleirtal. Dette gjekk ut på å be regjeringa «ta initiativ overfor allierte og likesinnede land om å vurdere muligheten for sanksjoner mot enkeltpersoner og institusjoner i Israel som bidrar til brudd på folkeretten og menneskerettigheter».

Trur sanksjonar ville skade

Då Stortinget debatterte saka førre veke, sa utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) at han ikkje trur det er lurt med norske sanksjonar, og at han heller ikkje trur det vil bli avgjerande for Israels vurderingar.

Tvert imot trur han det vil skade arbeidet med å få slutt på krigen.

– Det ville skade veldig mange av dei prosessane vi er djupt inne i, og som eg veit at palestinarane ønskjer at vi skal vere inne i, sa Barth Eide.