Politiet inntok skeive klubbar i Russland: – Nærmar seg totalitært

Under påskot om narkotikasøk, har politiet raida fleire skeive barar og utestader i Russland. – Handlingsrommet til å leve utanfor normen vert innskrenka, seier Amnesty Norge.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

I november kom eit vedtak frå den russiske høgsteretten som stempla den «internasjonale LHBT-rørsla» som «ekstremistisk».

Det inneber at dei som deltek eller finansierer skeive organisasjonar kan få inntil 12 år i fengsel. Om ein blir tatt for å heve pride-flagget gjentekne gonger, kan ein få inntil fire år i fengsel.

Kort tid etter dommen frå høgsterett, byrja politiet i Russland å raide fleire skeive barar og utestader. Politiet skal ha gjennomsøkt utestadane med påskot om å leite etter narkotika. Dei festande fekk dokumenta sine sjekka og fotograferte.

– Problemet er at det ikkje finst nokon formell organisasjon som heiter «den internasjonale LHBT-rørsla». Det gjer lova så vid, og det gir høve til å tolke veldig vidt. Kva vil det då seie å støtte rørsla? Ingen veit enno korleis lova kjem til å bli brukt, seier Ane Tusvik Bonde i Amnesty Norge.

Ledd i presidentkampanjen

Amnesty fryktar no at diskriminering og angrep på skeive aktivistar kan auke, sidan styresmaktene med denne avgjerda gir eit signal om at skeive er «fritt vilt».

– Det er generelt ei innstramming i Russland som handlar om at ein ikkje kan ytre seg fritt, og no kan ein heller ikkje forsvare universelle verdiar. Ein skal fremje såkalla tradisjonelle familieverdiar, seier Bonde.

Ho knyter det til det kommande presidentvalet i Russland, og meiner Putin ønsker fokus vekk frå krigen i Ukraina.

– Ein fokuserer heller på indre fiendar. Ved å stigmatisere andre, får ein fokuset bort. Det har vi sett frå Russland tidlegare, seier Bonde.

Ho seier sivilsamfunnet generelt vert råka, ved at folk i mindre grad torer å samlast og mobilisere. Det er ikkje berre skeive organisasjonar som kjempar for skeives rettar, men også advokatar og andre menneskerettsorganisasjonar.

– Advokatar kan vere redde for å ta ei sak fordi dei kan anklagast for å fremje ekstremisme, og rettstryggleiken til skeive kan slik bli svekka.

Mindre handlingsrom

Det er enno svært uklart korleis lova vil verte handheva. Det er med på å skape uro og frykt, meiner Bonde. Også raida på barane er med på å spreie frykt.

– Ein går til angrep på privatlivets fred, på organisasjonsfridomen og på ytringsfridommen. Generelt vert handlingsrommet til å vere ueinig med styresmaktene, eller til å forsvare å leve utanfor det dei reknar som normen, innskrenka.

Putin bruker også fiendebiletet av skeive som ein del av anti-vestleg propaganda, meiner Bonde. Han skapar eit «oss mot dei».

– Han teiknar opp homofile og den skeive rørsla som ein vestleg trend, som ein del av kampen i samband med krigen. Det har han gjort frå byrjinga av. I fjor heldt Putin ein tale der han sa at han ikkje vil ha slike tendensar som i vestlege land. Dessutan har ein ikkje frie medier i landet, og ingen rom for ordskifte. Då er det vanskelegare å korrigere, og lettare for styresmaktene å komme gjennom med sin propaganda.

Samstundes har Russland stramma inn på kulturlivet, med mellom anna forbod mot å banne på teater. Homofile par vert fjerna frå TV etter at den såkalla propagandalova mot homofili har vorte utvida.

– Der det før var rom for ulike ytringar og syn, er det no ikkje det. Det handlar om å kontrollere fleire og fleire arenaar i samfunnet. Det går frå autoritært mot totalitært styresett.

Bonde slår fast at dette ikkje skjer i eit vakum, men samstundes som hundrevis vert arresterte og stempla som «utanlandske agentar» for å stå opp mot krigen.

Vil hjelpe med visum

Framtida.no har også møtt den russiske aktivisten Natasha, som mellom anna ber det internasjonale samfunnet om å gjere det lettare for russiske aktivistar å få visum. Det er ei sak som også Amnesty har fronta.

Ho påpeiker at det Russland gjer, også påverker andre land.

– Amnesty, Den norske Helsingforskomiteen og Fri har vore i møte med norske styresmakter. Vi er opptekne av at Noreg bør gi visum til mennekserettsforkjemparar og skeive aktivistar som kan delta i internasjonale møte og ha kontakt over landegrenser, fortel Bonde.