Ekspertutval vil ha funksjonshemma inn i menneskerettslova

To av tre ekspertar i utvalet meiner FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) høyrer heime i menneskerettslova.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det synest vi i Unge funksjonshemmede er kjempebra. Vi har jobba lenge for dette, seier styreleiar Ingrid Thunem på telefon til Framtida.no.

Måndag leverte eit ekspertutval tilrådingane sine til korleis FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) bør innlemmast i norsk lov. Regjeringa har gått inn for dette i Hurdalsplattforma.

Utvalet meiner konvensjonen bør inn i menneskerettslova, slik barne- og kvinnekonvensjonen allereie er.

Ekspertutvalet

Kultur- og likestillingsdepartementet sette den 2. desember 2022 ned eit juridisk ekspertutval som skulle greie ut inkorporering av FNs konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i norsk lov.

Utvalet har bestått av tre juristar, og dei har sett på kva konsekvensar det vil få å plassere CRPD i ulike lover.

Kjelde: Kultur- og likestillingsdepartementet, Handikapnytt

 

Trumfar norsk lov

At FN-konvensjonane blir innlemma i menneskerettslova, vil seie at dei trumfar norsk lov dersom det norske lovverket og konvensjonane motseier kvarandre.

– Det handlar om å anerkjenne funksjonshemma på lik linje med andre. Eg er som kvinne anerkjent i menneskerettslova, men til no ikkje som funksjonshemma, poengterer Thunem i Unge funksjonshemmede.

Ingrid Thunem, styreleiar i Unge funksjonshemmede. Foto: Unge funksjonshemmede

Ho understrekar at det først og fremst handlar om å sikre at alle funksjonshemma får varetatt menneskerettane sine.

– Det handlar om grunnleggjande menneskerettar, men vi må dessverre ha ein eigen konvensjon for å sikre dei for funksjonshemma.

– Historisk milepåle

– Dette er ein historisk milepåle for realiseringa av funksjonshemma sine rettar i Noreg, uttalar Adele Matheson Mestad, direktør i Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM), i ei pressemelding.

Ho peikar på at personar med nedsett funksjonsevne i dag møter diskriminering på alle område i samfunnet.

– Å ta konvensjonen inn i menneskerettslova vil sende eit viktig signal om at den norske staten tar funksjonshemma sine menneskerettar på alvor. Det vil også kunne auke kunnskapen om konvensjonen og styrke gjennomføringa av han. Det er på tide.

NIM poengterer at Noreg allereie er folkerettsleg bunde av konvensjonen, men at det har vore usemje om kor vidt konvensjonen skal vere ein del av norsk lov direkte, og korleis dette skal skje.

Intern usemje

På ein pressekonferanse måndag morgon la ekspertutvalet fram tilrådingane sine for likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

Utvalsleiar og høgsterettsdommar Hilde Indreberg fortalde at det er intern usemje i utvalet. To av tre medlemmer vil ha CRPD inn i menneskerettslova.

Utvalsmedlem og tidlegare regjeringsadvokat Sven Ole Fagernæs utdjupa dissensen. Han er ikkje ueinig i at det kan vere grunn til å styrke funksjonshemma sine rettar, men i korleis dette skal skje.

Fagernæs meiner ordninga bør behaldast som ho er i dag, og at konvensjonen eventuelt bør inn i likestillingslova, og ikkje få forrang over norsk lov.

Utvalsmedlem Sven Ole Fagernæs. Foto: Regjeringsadvokaten

Hovudgrunnane han la fram, er at vi i for stor grad rettsleggjer samfunnet, og at han synest CRPD-konvensjonen er lite eigna til å bli ein del av norsk lov.

– Det kjem særleg av måten konvensjonen er skriven på og den svært dynamiske FN-komitéen som skal handheve og tolke han, sa han.

Fagernæs meiner det er usemje om korleis konvensjonen skal forståast, og at konsekvensane kan bli større usemjer, fleire tvistar og meir omfattande rettssaker der utfallet er usikkert.

– Vi meiner det skal inn i menneskerettslova og at alt anna er uaktuelt. Menneskerettar må henge høgast når det kjem til lovstridigheit, meiner Thunem i Unge funksjonshemmede.

Regjeringa må på bana.

– Det som er viktig no, er at regjeringa kjem på bana og får det til å skje så fort som mogleg. Vi er allereie på overtid, seier Thunem til Framtida.no.

Ho meiner det har tatt altfor lang tid å få CRPD inn i norsk lov, og viser til at FN har kritisert Noreg for dette.

I regjeringsplattforma frå 2021 står det at regjeringa vil inkorporere FN-konvensjon for funksjonshemma i norsk lov.

Likestillingsminister Lubna Jaffery seier til Handikapnytt at det no er viktig å setje seg inn i dei ulike juridiske betraktningane som utvalet har gjort. Ho vil ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta å få eit politisk vedtak på plass.

No skal utgreiinga på høyring.

Thunem har venta lenge på endringane og er utolmodig.

– Det er viktig at det no går fort framover. Dette bør opp i Stortinget før juni. Det er realistisk meiner vi, avsluttar Thunem.