Regjeringa ber kommunane skjerme sårbar natur

Natur blir bygd ned langt raskare enn nokon har visst. Men klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) vil ikkje innføre fleire reguleringar.

NPK-NTB – Bibiana Piene
Publisert

Politisk kvarter på NRK måndag morgon avviste Eriksen å stramme inn på regelverket. Han vil heller satse på rettleiing.

– Eg trur ikkje svaret på naturutfordringane våre er å oppheve lokaldemokratiet. Vi må heller lage verktøy som gjer at ein kan vareta naturen i fellesskap, både i lokal, regional og statleg planlegging, seier Eriksen.

Manglar oversikt

På fem år er det gjort rundt 44 000 inngrep i naturen, viser ei kartlegging NRK har gjennomført.

Kvart minutt blir 79 kvadratmeter naturområde bygde ned.

Også i raudlista naturtypar, som inngrepsfri natur, myr, strandsone, vassdrag og villreinområde, blir det opna nye byggjefelt i snitt ti gonger om dagen, viser kartlegginga.

Styresmaktene manglar oversikt over den totale nedbygginga, vedgår Eriksen overfor NRK.

Samtidig har regjeringa allereie teke fleire grep, som forbod mot nedbygging av myr og tydelegare forventningar knytt til hyttebygging, påpeikar han.

Lagar naturrekneskap

Ifølgje Eriksen er den største utfordringa at kommunane ikkje har noka oversikt over sårbare naturområde.

Overfor NTB presiserer han at regjeringa no jobbar med ei stortingsmelding som skal følgje opp naturavtalen. Denne kjem i løpet av året og vil vise tiltak for å nettopp stanse nedbygging av natur.

– Kva tiltak som kjem, kan vi ikkje seie no, seier Eriksen, som presiserer det vil bli stilt tydelegare krav og forventningar til både kommunar og andre.

– Alle kommunane må ta omsyn til den naturen vi har, seier Eriksen.

Men han vil ikkje innskrenke den lokale sjølvråderetten.

– Flest mogleg avgjerder bør takast der ute kvar folk bur, slår klima- og miljøministeren fast.

SV reagerer

Miljøpolitisk talsperson i SV Lars Haltbrekken meiner på si side regjeringa gjer for lite for å avgrense naturtapet.

– Alvoret i naturtapet kan umogleg ha gått opp for regjeringa når dei berre skal halde fram som før med velmeinte råd og rettleiing. Kvart enkelt inngrep rundt om i landet er lite. Summen blir enorm. Derfor må det strengare nasjonale krav til, seier Haltbrekken til NTB.

SV går mellom anna inn for eit nasjonalt forbod mot etablering av nye hyttefelt.