Ønsker å gjere eksamen meir rettferdig

Synne Ulltang
Publisert

Måndag 19. juni kom beskjeden, den sørkoreanske eksamenen i november blir endra. Frå i år av vil eksamenen berre innehalde spørsmål frå pensum. Dette var startskottet for fleire utdanningsreformer, skriv The Korea Herald.

«Ein breste eller bere»-eksamen

Eksamenen, også kjent som Suneung, har vore ein del av den koreanske skulen i nesten 30 år. Kvar november set om lag ein halv million studentar seg ned i åtte timar for å få best mogleg resultat. Resultatet avgjer kva universitet du kjem inn på, som vidare avgjer kva jobb du kan få. Eksamenen er så viktig at flytrafikken stoppar opp over testlokala.

Men eksamenen er svært vanskeleg. Av 447 669 studentar som tok eksamenen i fjor, klarte berre 3 personar å få alt rett. Ein grunn til at han har vore så vanskeleg, er at fleire av spørsmåla dreier seg om tema som ikkje er i pensum.

Det kostar å svare rett

Debatten dei siste vekene har handla om såkalla «killer questions», spørsmål der svara ikkje finst i pensum og som får foreldre til å bruke tusenvis av kroner på privat utdanning.

Ifølge The Korea Herald brukte sørkoreanarar rekordmykje på privat utdanning i fjor, om lag 3 300 norske kroner kvar månad. Pengane blir brukte på privatlærarar og ettermiddagsskular.

Dei private ettermiddagsskulane har fått kritikk av myndigheitene. Sidan skulane lærer elevane meir enn det som står på pensum i den offentlege skulen, må dei som lager eksamen finne på vanskelegare spørsmål. Ettermiddagsskulane har deretter marknadsført seg som avgjerande for å få toppscore. Styresmaktene ønsker at det ikkje berre skal vere dei som har råd til privat utdanning som får gode resultat på eksamen, ifølge The Korea Herald.

Fekk kritikk

Styresmaktene vil altså at årets eksamen berre skal innehalde pensumspørsmål. Slik vil dei styrke den offentlege skulen og gjere utdanning i Sør-Korea mindre avhengig av den private marknaden.

Men styresmaktene fekk kritikk etter annonseringa, som kom fem månader før den avgjerande eksamenen. Kritikken kjem både frå foreldre og studentar som er bekymra for at eksamenen no blir for lett, og frå dei som meiner at privatskulane no vil bruke usikkerheita rundt endringa på å lage nye kurs som lover toppresultat, skriv The Korea Herald.

Ein ny komite skal no gå gjennom årets eksamen for å sikre at han ikkje inneheld «killer questions».


Bygg med lilla lys og BTS-tekst

Ein av bygningane som lyser lilla er Dongdaemun design Plaza. Foto: Synne Ulltang