Noreg får «fossil»-pris på klimatoppmøtet

At Noreg opnar for utvinning av mineral på havbotnen gir 2.-plass i kåringa av «Fossil of the Day» på klimatoppmøtet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Climate Action Network (CAN) som kvar dag under klimatoppmøtet deler ut pris til landa som gjer mest for å bidra minst under klimaforhandlingane.

Tysdag vart det kjent at Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp), Framstegspartiet (Frp) og Høgre opnar for utvinning av mineral på havbotnen.

For den avgjerda fekk Noreg 2.-plass i kåringa av dagens fossil på klimatoppmøtet i Dubai 6. desember.

– Det er heilt på sin plass at Noreg får denne prisen når regjeringa prøver å pushe gjennom eit katastrofeprosjekt som eit argument for å bidra til grøn omstilling. Noreg må sikre reelle klimatiltak dersom vi skal ha nokon som helst kredibilitet igjen internasjonalt, seier leiar i Changemaker, Marte Hansen Haugan, i ei pressemelding.

Provinsen Alberta i Canada fekk førsteplassen i kåringa for å stikke kjeppar i hjula for debatten om utfasing av olje og gass.

Pinleg

I grunngjevinga kallar CAN Noreg uansvarlege. Dei peikar på at Noreg sine handlingar har større konsekvensar, og set tonen for dårleg oppførsel i internasjonale forhandlingar om gruvedrift på havbotnen.

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur, kallar utmerkinga som dagens fossil pinleg, men fullt fortent.

– Noregs planar om å opne sårbare, arktiske havområde for øydeleggjande gruvedrift skapar sterke reaksjonar langt utanfor våre eigne grenser. No må Noreg ta til fornuft og stoppe denne galskapen.

«Dei fossile fem»

Miljøorganisasjonane trekker fram at Noreg i går vart kritisert på toppmøtet for å vere eitt av dei fem mest ekspansive landa når det gjeld leiting etter nye olje- og gassressursar. Noreg blir saman med USA, Storbritannia, Canada og Australia kalla «dei fossile fem» av CAN.

Spire meiner det er nok dobbeltmoral frå Noreg.

– Den internasjonale kritikken regjeringa no får er svært alvorleg. Noreg likar å sjå på seg sjølv som ein miljøforkjempar nasjonalt og internasjonalt, men verda ser kor sjølvmotseiande norsk politikk er, uttalar leiar Elise Åsnes.

Pernille Bonnevie Hansen i Naturvernforbundet meiner regjeringa overkøyrer miljøfaglege råd når dei opnar for gruvedrift på havbotnen.

– Noreg stiller seg i bresjen for å innta jordas mest avsidesliggjande område med gruveindustri, medan verda ristar på hovudet, seier ho i pressemeldinga.