Opnar for gruvedrift på havbotnen: – Ei skam for Noreg

Natur og Ungdom reagerer sterkt på den nye kunngjeringa frå regjeringa og høgresida.

NPK–NTB, Stian Drake og Anna Victoria Stjern, Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Dette er ei skam for Noreg, seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp), Framstegspartiet (Frp) og Høgre er etter fleire vekers forhandlingar samde om ei stegvis opning for gruvedrift på havbotnen.

Noreg vil med dette vere blant dei første landa i verda som opnar for kommersiell gruvedrift etter havbotnmineral.

Partia har vorte samde om ein stegvis opningsprosess der Stortinget skal godkjenne dei første utviklingsprosjekta, på same måte som det blir gjort for enkelte utvinningsprosjekt i petroleumssektoren.

– Dette gir kjende og føreseielege rammer for næringsaktørane som skal delta i den nye næringa. Krav til miljø og miljøkartlegging i leitefasen og ansvaret til styresmaktene blir presisert i semja, der styresmaktene i forkant av ei eventuell utvinning skal lage eit oppdatert og samanlikna kunnskapsgrunnlag om verknader for miljø, skriv Høgre i ei pressemelding.

Omstridd

Gruvedrift på havbotnen er svært omstridd. I det ferske direktivet sitt om kritiske råvarer slår EU fast at dei ikkje vil støtte slike prosjekt før alle miljøkonsekvensar er fullt ut kartlagde.

Noreg har store førekomstar av ulike mineral på havbotnen, og regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dette kan bli ei ny næring. Fleire av minerala det er snakk om, er viktige til dømes i utbygginga av vindmøller og i konstruksjonen av batteri.

Regjeringas planar om gruvedrift på havbotnen har vore avhengig av støtte frå høgresida. Regjeringas samarbeidspartnar SV er stor motstandar av planane.

– Sterkt behov

Høgre meiner at behovet for mineral vil auke sterkt dei neste tiåra for å klare energi- og klimaomstillinga, og at havbotnmineral er ei spennande moglegheit for Noreg.

Det har samtidig vore viktig for partiet å stramme inn på rammeverket som regjeringa foreslo, ifølgje Høgres saksordførar Bård Ludvig Thorheim.

– Vi stiller no tydelegare krav til miljø og miljøkartlegging, og vi innfører eit nytt trinn der dei første planane for utvinning skal tilbake og bli godkjende av Stortinget. Utvinning skal berre tillatast dersom framtidig kunnskap viser at det kan gjerast berekraftig og forsvarleg, og etter at regjeringa har lagt fram eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om miljøet på djuphava, seier han.

– Hårreisande

Natur og Ungdom kritiserer Høgre sterkt for å opne for enorme naturinngrep, risiko for pengesløseri og mangel på respekt for kunnskap.

Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Natur og Ungdom

– Vi hadde venta at Høgre skulle vise seg som det ansvarlege partiet når regjeringa så grovt har overkøyrd alle sine eigne ekspertar og gjennomført ein så elendig prosess. Det er direkte sjokkerande at Høgre går med på å opne for det som potensielt er Noregs største naturinngrep nokosinne, på eit så syltynt kunnskapsgrunnlag, seier leiar Gina Gylver i pressemeldinga.

Ho meiner gruvedrift på havbotnen er å gå ein blindveg til det grøne skiftet og påføre ein enorm trugsel mot hava og alt dei gir oss, så vel som å vise fingeren til ordentleg forvalting.

– Sjølv om Høgre har pynta litt på regelverket, er dette ei reell opning for gruvedrift på havbotnen trass i alle vitskaplege råd, seier Gylver.

Det vert opp til næringsaktørane sjølve å kartlegge miljøkonsekvensane for aktuelle prosjekt. Natur og Ungdom meiner det ikkje er godt nok, men krev ei uavhengig kartlegging av djuphava før sjølve opninga for leiting og utvinning kjem.

NU fryktar også at den norske avgjerda kan få internasjonale konsekvensar. Gylver seier at Noreg er med på å gi grønt lys til eit «ville vesten» av utvinning i internasjonale farvatn.

– At Noreg, og særleg Høgre, heller ikkje lyttar til andre land i havpanelet, EU, store selskap og andre store internasjonale aktørar som krev ein pause på gruvedrift på havbotnen, er hårreisande, seier Gylver.

– Ubegripeleg

Også SV reagerer på avgjerda.

Miljøpolitisk talsperson i SV, Lars Haltbrekken, er djupt bekymra over at Ap, Sp, Frp og Høgre har vorte samde om å opne for gruvedrift på havbotnen.

Lars Haltbrekken er miljøpolitisk talsperson i SV. Foto: Alf Simensen / NTB

– Det er ubegripeleg at norske styresmakter stiller seg i første rekke for å rasere havbotnen. Miljøforskarar har komme med sterke åtvaringar. Vi aner ikkje konsekvensane av slik verksemd, og det kjem ingenting av miljøkrav til verksemda, seier Haltbrekken.

Regjeringa foreslo før sommaren å opne delar av norsk sokkel for kommersiell havbotnmineralverksemd. Planane har vore avhengig av støtte frå høgresida, fordi samarbeidspartiet SV er stor motstandar.

Etter fleire veker med forhandlingar har Ap, Høgre, Sp og Frp no vorte samde om å støtte ei opning, men med eit strengare rammeverk enn det som vart foreslått av regjeringa.

– Det Arbeidarpartiet og Senterpartiet opnar for med denne semja med høgresida, er eit eksperiment av uante dimensjonar. Vi risikerer å øydeleggje enorme naturverdiar for usikker gevinst. Signalet Noreg sender med å vere det første landet som opnar havbotnen for mineralutvinning, bekymrar meg djupt, seier Haltbrekken.


Les også: Dette er dei store sakene under årets klimatoppmøte

Klimatoppmøtet i år er i Dubai og starta 30. november.