Kraftigare regn, fleire hetebølger og endra årstider. Klimaet endrar seg i Sør-Korea, og ungdommen etterlyser ein tydelegare klimapolitikk.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Den sørkoreanske identiteten – mellom det tradisjonelle og det moderne», der vi undersøker korleis det er å vere ung i Sør-Korea. Prosjektet er gjennomført med støtte frå Fritt Ord.

Vintrane har snø og sibirkulde, om våren blømer kirsebærtrea, sommaren er varm med monsunregn, og om hausten lyser blada på trea i gult og raudt. Men klimaet i Sør-Korea er ikkje som før.

– Vanlegvis er blada som fell av trea fargerike, men i år ser eg fleire grøne blad på bakken, seier Gim Ji-yun (32).

Det er slutten av november, men temperaturane så langt i år har vore høgare enn normalt.

– Førre veke såg eg faktisk mygg, fortel ho.

Amnesty skriv at Sør-Korea ikkje taklar klimakrisa. Landet manglar ein konkret plan for å fase ut kol innan 2030, og dei er avhengige av fossil energi.

Også i Climate Change Performance Index (CCPI) får Sør-Korea kritikk for klimapolitikken sin. Indeksen samanliknar klimaytinga i 63 land. I 2022 hamna Noreg på 10. plass – og Sør-Korea på 60. plass. Resultata for 2023 blir offentleggjort 8. desember.

 

Sør-Korea

  • Innbyggartal: 51,7 millionar
  • Styreform: Republikk
  • Språket koreansk blir skrive med alfabetet hangeul.
  • Koreahalvøya blei delt i to etter andre verdskrig.
  • Koreakrigen (1950–53) enda med våpenkvile mellom Nord- og Sør-Korea. Ingen fredsavtale er signert.
  • Sør-Korea var eit av dei fattigaste landa i verda etter Koreakrigen, men er no verdas 13. største økonomi og medlem av G20. Den raske økonomiske utviklinga blir kalla «Mirakelet ved Han-elva».
  • Noregs nest største handelspartnar i Asia.
  • Populariteten til koreansk populærkultur utanfor Sør-Korea blir kalla «den koreanske bølga» (hallyu).

Kjelde: snl.no

Ønsker å inspirere folk til å bry seg

Det er lett å vere pessimistisk når ein les om klimaendringar, men alt er ikkje håplaust. Det meiner i alle fall ikkje Gim Ji-yun, som leier klimaorganisasjonen Green Environment Youth Korea (GEYK). GEYK ønsker å inspirere folk til å bry seg om klimaendringane.

– Alle menneske kan ikkje vere aktivistar, men eg meiner alle menneske bør vite om klimaendringane, seier Kim Sun-ryul (25), som er nestleiar i GEYK.

Medlemmane i organisasjonen deltar i protestar, foreslår klimapolitikk til myndigheitene, gir ut ein kalender, arrangerer seminar, har stand på festivalar og skriv nyheitsbrev. Jang Hyun-woo (29) er ein av dei som skriv nyheitsbrevet. Han er oppvaksen på New Zealand og merkar godt forskjell på kunnskap om klimaendringar i dei to landa.

– Sør-Korea treng klimakunnskap 101, altså dei må starte heilt frå begynninga. Mange i Sør-Korea ønsker for eksempel meir kjernekraft fordi dei meiner det vil hjelpe økonomien. Då trur eg ikkje dei forstår konsekvensane på lang sikt, seier Jang.

Tidlegare i år annonserte den sørkoreanske presidenten Yoon Suk-yeol at landet i perioden 2024-2027 vil donere 300 millionar dollar til Green Climate Fund, eit FN-fond for finansiering av klimatilpassing i fattige land, som har hovudsete i Sør-Korea.

Klimaaktivistane skulle ønske klimapolitikken i landet var eit felles mål, uavhengig av kven som styrer.

– Når regjeringa skiftar i Sør-Korea, ønsker folk å endre politikken, uansett kor bra han er for klima, fordi dei assosierer den politikken med den motsette regjeringa. På New Zealand derimot støttar befolkninga klimapolitikken, så der blir det ikkje gjort endringar berre fordi det er skifte av regjering. Politikarane på New Zealand deler eit felles klimamål, uavhengig av kven som sit med makta, meiner Jang.

Dei unge blir ein minoritet på grunn av låge fødselstal

Det blir født rekordfå babyar i Sør-Korea. I 2022 hadde Sør-Korea 51,7 millionar innbyggarar. 10,2 millionar av desse var mellom 19 og 34 år. Talet på unge sørkoreanarar er venta å bli halvert i løpet av dei neste 30 åra. Gim merkar generasjonsforskjellane i diskusjonar om klima.

– Dei yngre kollegaene mine på jobb kan mykje om klimaendringar. Men kollegaene mine som er i 40- og 50-åra føler ikkje at klimaendringar angår dei. Noko av det viktigaste vi kan gjere for klimaet, er å stemme ved val. Så det bekymrar meg at den yngre og eldre generasjonen er så splitta i denne tematikken, seier ho.

– Føler de at de blir høyrde av dei med makt i Sør-Korea?

– Generelt ikkje, seier Gim.

– Politikarane her er interesserte i å «lytte» til oss, seier Kim og lagar hermeteikn i lufta.

Samtidig meiner han det er blitt betre.

– For 5–6 år sidan høyrde ingen på GEYK i det heile tatt. Men i dag blir vi oftare invitert med inn i politiske prosessar.

– Klimaendringane får meir merksemd i Sør-Korea, men det er ikkje nok, slår Gim fast.

Koronapandemien førte til endring

Under koronapandemien meiner Gim, Kim og Jang at sørkoreanarar begynte å ta klimaendringane meir på alvor. Ein grunn var at det sommaren 2020 regna i 49 dagar i strekk. Den unormalt lange nedbørsperioden fekk fleire til å innsjå at noko ikkje var som det skulle.

Ein annan utilsikta verknad av pandemien, var at folk blei merksame på mengda av eingongsplast. I Sør-Korea bestiller ein ofte mat som blir levert på døra av effektive mopedistar.

– Vanlegvis kastar folk plastbehaldarane og -bestikket med ein gong etter måltidet, men under koronapandemien fekk dei berre kaste søppel ein gong i veka, så dei måtte samle det heime. Då innsåg folk at det var for mykje plast, forklarer Gim.

Myndigheitene har arbeidd med ein plan om å forby papirkoppar og plastsugerøyr. Men tidlegare i november skrota miljødepartementet forbodet mot papirkoppar på kafear og restaurantar, og dei utsette forbodet mot plastsugerøyr på kafear. Visemiljøminister Lim Sang-jun forklarte at grunnen var økonomi, ifølge pressebyrået Yonhap. Viss myndigheitene forbyr eingongskoppar, tvingar dei kaféeigarar til å bruke ekstra pengar på oppvask. Dessutan er papirsugerøyr dyrare enn plastsugerøyr.

– Det er ikkje rett for myndigheitene å innføre ei ekstra byrde for små kjøpmenn og sjølvstendig næringsdrivande som allereie lid på grunn av høgare råmaterialeprisar, auka levekostnader og vanskelege økonomiske forhold, sa Lim ifølge Yonhap.

Gjengen i GEYK meiner det trengst systematiske endringar.

– Klimaendringane er eit systematisk problem, og då må vi endre standarden. Vi treng for eksempel ei lov som seier at dei som ønsker plastsugerøyr, må spørje om å få det. No er det slik at vi må seie nei til sugerøyr kvar gong vi kjøper ei drikke, seier Gim.

Drøymer om ein konsekvent klimapolitikk

Gim meiner koronapandemien viste at det nyttar med strenge reguleringar.

– Først bad myndigheitene folk om å gå med munnbind. Nokon tok det på, nokon gjekk utan og det braut ut slåstkampar. Men då myndigheitene innførte ei bot for å gå utan munnbind, då tok alle det på. Då trong dei ikkje bry seg meir med å kritisere kvarandre. Vi treng strenge reguleringar også for klimaet, meiner Gim.

Viss gjengen i GEYK var statsministrar for ein dag, er dei samstemte om at dei ville innført ein konsekvent klimapolitikk.

– Vi treng ei lov om klimaendringar, som befolkninga støttar, og som ikkje kan endrast på ti år – uansett kven som sit med makta, seier Jang.

Førebels held dei fram med å jobbe for klimasaka gjennom GEYK. Sjølv om det til tider er slitsamt.

– Vi vitsar av og til om at organisasjonen vår blir oppløyst i 2030 fordi vi ikkje klarte å stanse klimaendringane. Men eg ønsker å løyse dette problemet, og eg trur vi kan, seier Kim.

Målet er at klimaet blir den viktigaste saka for alle, uansett kor på kloden vi bur.

– Eg håper alle land følger 1,5 gradersmålet frå Parisavtalen. I det minste bør alle land ta ansvar for framtida og gjere klimaendringar til prioritet nummer ein, seier Gim.