Nils (12) er gjesteredaktør i Donald Duck & co: – Dette er draumejobben

Marte Husabø
Publisert
Oppdatert 29.08.2021 19:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior

– Det er veldig kjekt å ha Nils her hjå oss. Eg hadde sett pris på å ha han her heile tida, seier Marius Horn Molaug, som er den faktiske redaktøren for Donald-bladet.

Han fortel at bakgrunnen for konkurransen var at dei ville opna Andeby meir opp for lesarane. Dei synest det er dumt at dei som les bladet ikkje har fått ta større del i Donald si verd.

– Det var viktig for oss å ta lesarane inn. Og så er det jo bra for meg, for då får eg slappa litt av, seier han og smiler.

Dreamteam: Nils Kleveland og Marius Horn Molaug er blitt litt av eit dreamteam den siste tida. Redaktør Marius rosar Nils opp i skyene. – Nils hadde ei kjempefin historie og kan verkeleg Andeby, seier han. Foto: Privat

Totalt fekk dei inn over 200 søkarar til stillinga. Eit av bidraga kom frå Nils Kleveland. Marius fortel at søknaden hans tidleg stakk seg ut i bunken.

Kan namnet på alle i Andeby

– Nils hadde ei kjempefin historie og søknad, der han viste oss kvifor han er så glad i Andeby, seier Marius.

For hovudpersonen sjølv, var det sjølvsagt at han skulle søka då han såg konkurransen. Han har lese Donald sidan han var sju år og er ein skikkeleg fan. Han kan faktisk namnet på alle i Andeby og fleire av dei som teiknar historiene.

– Eg trur eg kan kjenna att 15 av teiknarane. Eg kjenner dei att ved å sjå etter forskjellige ting, som mellom anna fargar, ansiktsuttrykk eller små detaljar.

Tidleg i sommar var Nils og Marius godt i gang med å planlegga korleis bladet Nils har ansvar for, skulle sjå ut før det kom i butikken den 20. august. Marius forklarar at det blir slik som Nils vil ha det.

Cover: Slik ser skissa til coveret til bladet Nils har ansvar for ut. Det endelege resultatet er tilgjengeleg i butikken frå 20. august. Foto: Egmont

– Dette er drøymejobben

– Han har valt ut historiene, får velja si favoritt-historie frå Carl Barks, skriv leiar og vel ut vitsane. Nils gjer det som ein ekte redaktør gjer til vanleg.

Og viss du lurer på kva ein Donald-redaktør faktisk gjer, har Marius svaret:

Duckifisering: – Nils er kjempeflink til å duckifisera, seier redaktør Marius. Her har gjesteredaktør Nils duckifisert seg sjølv. Foto: Privat

– Ein Donald-redaktør vaggar mykje rundt i Andeby, kler seg ut som B-gjengen, prøver Petter Smart si tenkehette og brukar Duckifiseringsmaskina til å gi folk artige Donald-namn. Ellers lagar han sjølve bladet, vel ut kva historier som skal brukast, lagar forsida, planleggjer tema og spesialnummer.

– Dette er draumejobben, seier Nils.

– Eg må faktisk passa meg litt, seier Marius og legg til:

– Foreløpig er dette ein kjempesuksess, så me skal ha den same konkurransen neste år også. Då kan jo Nils koma inn som mentor.


Teikneserieskapar og illustratør Martin Ernstsen (36) trivst godt, men er ikkje sikker på om han vågar å anbefala yrket til andre. Foto: Esra Duzen