Teikneserieskapar Marthe Øiaas Thomassen er svak for kjærleiksforteljingar, men vil gjerne på deit med seg sjølv for å lesa bøker.

Magnus Rotevatn
Publisert

– Sidan eg sjølv lagar romantasy-teikneseriar for eit eldre publikum, skulle eg gjerne sett endå meir av nett det. Noreg heng etter på visse satsingar, og romantasy er ei av dei (men publikummet finst, folkens!).

Marthe Øiaas Thomassen les veldig gjerne om kjærleik. I år har ho sjølv debutert i sjangeren med det fyrste bandet av romantasy-teikneserien Owin Undring.

– Som kjærleikssjuk tenåring, var det bokserien Twilight som gjorde størst inntrykk på meg, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

 

Marthe Øiaas Thomassen

Alder: 35 år

Frå: Trondheim

Utdanning: Bachelor i interaktive medium (animasjon) og årsstudium i marknadsføring

Yrke: Teikneserieskapar (og i ferd med å planleggja frilans-karriere)

Les mykje i senga

– Kva bøker blei lesne til deg som lita?

Bokomslag: Gyldendal

– Eg kan særleg hugsa at to bøker som blei lese ofte for meg, av både pappa og mamma, var Sover du ikke, Veslebjørn? av Martin Waddell og Lille isbjørn, hvor skal du? av Hans De Beer.

Thomassen fortel at ho også som vaksen gjerne les i senga. Ho har ein haug med bøker på nattbordet.

– Sjølv om eg les i senga, fantaserer eg ofte om å sitja i vindauget på stova eller dra på deit med meg sjølv og lesa på ein kafé.

Skulle gjerne ha laga Zelda-serie

Thomassen ynskjer at ho hadde laga manga-versjonen av dataspelet The Legend of Zelda: Twilight Princess.

Bokomslag: Viz Media

– Det var favoritten min blant Nintendo-spel som ungdom, og mangaserien oppfylte fleire av ynskja mine for forteljinga.

Før serien blei fullført i 2023, vurderte Thomassen sjølv å laga fan-art for å ynskja sine verkeleggjort.

– Kva bok meiner du er undervurdert?

– Ei bok som eg likte godt, men som har eit splitta rykte, er To Kill a Kingdom av Alexandra Christo. Det er ei attforteljing av Den lille havfrue, og ho har ein god miks av morosam «banter» og romanse.

«Juicy» karakterdrivne konfliktar er Thomassen sin favorittingrediens i ei bok.

Aslak Maurstad vil spela blå alv

Kva forfattar, daud eller levande, ville du invitert på middag?

– Tidlegare i år starta eg på bokserien Ravneringene av Siri Pettersen og fall pladask for forteljinga. Å snakka fantasy med ho, under ein god middag, trur eg ville vore veldig spennande og inspirerande.

Kvinne med raudt hår og skinnjakke, samt bokomslag til Sølvstrupen

Fantasy-forfattar Siri Pettersen er ein favoritt. Foto: Julie Loen/Gyldendal

Thomassen kunne gjerne sett teikneserien sin, Owin Undring, som animasjonsfilm. Kanskje i same stil som Netflix-serien Arcane, som har vore ein viktig inspirasjon for hennar eigne teikneseriar.

Ei av rollene er allereie casta.

– Askak Maurstad har skrive på TikTok at han gjerne tek rolla som Selmer, ein blå, alveaktig figur.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Spintherella (@spintherella)