Kritisk til norsk klimabistand: – Me forventar at Noreg bidreg meir

Noreg skal gje 270 millionar til fond for tap og skade. Ungdomsorganisasjonane meiner Noreg må gjera meir.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Fredag vart fondet for tap og skade vedteke på klimatoppmøtet i Dubai. Fondet vart framforhandla på førre klimatoppmøte, COP27 i Egypt.

I dagane etter vedtaket har fleire land kunngjort kor mykje dei vil leggja inn i fondet. Laurdag kunne statsminister Jonas Gahr Støre dela at Noreg skal bidra med 270 millionar kroner i 2024.

– Det siste året har me mellom anna sett store flaumar og skogbrannar mange stader i verda. Konsekvensane av klimaendringane ser me her og no. Tap og skade er diverre ei utfordring som berre vil bli større framover, sa Støre laurdag.

Meiner Noreg må ta meir ansvar

– Etter fleire tiår med press frå det globale sør er det godt at me i dag går eit steg vidare og endeleg vedtar eit tap og skade-fond, sa Spire-leiar Elise Åsnes om opprettinga av fondet.

Åsnes ser på opprettinga av fondet som ein stor politisk siger, men stiller seg kritisk til Noregs planlagde innsats.

– Dette er ikkje i nærleiken av Noregs rettferdige og historiske ansvar. Me forventar at Noreg bidreg meir, og at dette er nye middel, og ikkje blir tekne frå eit allereie for lite bistandsbudsjett, sa Åsnes i ei samla utsegn med fleire av representantane for det norske sivilsamfunnet på klimatoppmøtet.

Elise Åsnes, leiar i Spire. | Foto: Privat

Ber om ferske middel

Dagleg leiar i SLUG – Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk, Julie Rødje meiner det er viktig at midla som vert lagde i fondet ikkje kan takast frå andre bistandspottar.

– Me forventar at at pengane Støre annonserte er reelle bidrag, og at dette ikkje er falske løfter som i realiteten er ei omdisponering av bistandsmiddel eller ordningar som vil forverre gjeldskrisa, seier Rødje.

Rødje legg til at om midla ikkje er ferske, blir det verdas fattige som må ta rekninga.

Julie Rødje, dagleg leiar i SLUG. | Foto: Privat

Behov for milliardar

SLUG estimerer at behovet for tap og skade ligg mellom 290 og 580 milliardar dollar per år.

Til no har 655,9 millionar dollar blitt lova i 2024.

Dei største innskota i fondet kjem frå Frankrike og Italia, som begge investerer 108,9 millionar dollar, etterfølgt av Tyskland og vertslandet for Cop28, Dei sameinte arabiske emirata, som vil gje 100 millionar dollar kvar. Noreg skal bidra med 270 millionar kroner, som svarar til om lag 25,4 millionar dollar.

– Viktig at det ikkje blir eit eingongstilfelle

Leiar i Changemaker, Marte Hansen Haugan viser til dei dramatiske konsekvensane som allereie har komme av klimaendringane, der behovet for stønad er stort.

– Me veit at det kjem til å bli større og verre klimaendringar for kvar grad av oppvarming som skjer, og difor må bidraga trappast opp og fortsettast i tida framover, seier Haugan.

Haugan er positiv til innskotet frå den norske regjeringa, soframt dei held det gåande.

– Derfor er det bra at Noreg no spyttar inn 270 millionar kroner til tap og skade-fondet, men det er viktig at det ikkje blir eit eingongstilfelle, seier Haugan.

Marte Haugan, leiar i Changemaker. | Foto: Privat