Våpenkvila starta i dag, fredag kl. 7, 6 norsk tid, og skal vare i fire dagar. Avtala inkluderer at Hamas skal frigi 50 israelske gissel frå Gaza, og Hamas seier at Israel også skal frigi 150 palestinske gissel.
Dei fleste av gissela er kvinner og barn.
Frå fredag morgon norsk tid la Israel og Hamas ned våpena midlertidig. | Foto: AP Photo/Victor R. Caivano
«El Loco» blir president i Argentina
Javier Milei er den nye presidenten i Argentina. Han vann 56 prosent av stemmene etter valet som var sundag. Milei er kjent under kallenamnet «El Loco» eller «Galningen, og har blitt samanlikna med andre høgreekstreme leiarar som ekspresidentane Jair Bolsonaro i Brasil og Donald Trump i USA.
Milei har mellom anna lova å:
legge ned sentralbanken, og erstatte peso-valutaen med dollar
legge ned ei rekke departement, inkludert dei for kultur, likestilling, helse og utdanning
privatisere offentlege selskap, mellom anna innanfor energi-og flysektoren.
Argentina har dei siste åra slite med ei økonomisk krise. 40 prosent av innbyggarane i landet lev i fattigdom, og inflasjonen har nådd meir enn 140 prosent. Til samanlikning hadde Noreg i oktober ein inflasjon på 4 prosent frå oktober 2022, ifølgje SSB.
Javier Milei har blitt samanlikna med både Donald Trump og Jair Bolsonaro. | Foto: AP Photo/Natacha Pisarenko
Dokumentarserie «Ingen elsker Bamsegutt» har skapt store reaksjonar den siste veka. Dokumentaren handlar om ein mann i 60-åra, som ifølgje NRK sit fast fast i Filipinane og har prøvd å kome seg heim i elleve år etter å ha meldt flytting ved ein feil.
Ein spleis som vart oppretta for å gi mannen pengar til å kome tilbake til Noreg vart også stoppa, men er opna att no.
NRK informerte onsdag på ein pressekonferanse om at dokumentarserien er avpublisert for godt. Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen orsaka belastninga det har vore for familien omtalt i serien, og dei fornærma i dommen frå 1991.
– Eg skulle ha gripe inn, sa ho på pressekonferansen onsdag.
Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen orsaka for serien. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
PVV er også motstandarar av EU og vil ha folkeavstemming om medlemskapen til Nederland. Partiet har ikkje nok representantar til å danne regjering åleine, men det er uvisst om nokon andre parti er villige til å samarbeide med dei.
Geert Wilders frå Partij voor de Vrijheid (PVV) kunne feira valnatta. | Foto: AP Photo/Peter Dejong
Ifølgje fleire land skal satellitten brukast til overvaking, men Sør-Koreas forsvarsdepartement seier dei førebels ikkje veit om han fungerer slik han skal.
Etter oppskytinga oppheva Sør-Korea delvis ei avtale som militær avspenning med nabolandet. Dette er ei avtale frå 2018 som skal hindre store militære tiltak.
Nord-Korea svarte med å oppheve avtala og seier dei kjem til å plassere ut fleire våpen ved grensa.
Oppskytinga av satellitten har leia til auka spenning mellom dei to nabolanda. | Foto: Korean Central News Agency/Korea News Service via AP, File
Hovudkjeldene for fornybar energi i Portugal er vind og sol. Håpet er at desse etter kvart vil gjere fossil energi overflødig i landet.
REN, selskapet som er ansvarleg for å levere straum til landet, sa i ei utsegn at desse bragdene viser at landet blir meir berekraftig, samstundes som dei klarer å levere nødvendige tenester.
Vindturbinar ved Bica da Cana i Portugal. Vind og Sol er hovudkjeldene til fornybar energi i Portugal. | Foto: Colin Watts via Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.