«El Loco» vann presidentvalet i Argentina: – Ein trist dag for Latin-Amerika

Javier Milei har vorte samanlikna med Donald Trump. No vil han gi Argentina ein økonomisk «sjokk-kur».

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Presidentvalet vart halde sundag, og Javier Milei fekk nesten 56 prosent av røystene.

Den politiske nykommaren Milei har vore frontfigur i eit Rolling Stones coverband, og har vore ein tv-personlegdom i heimlandet. Milei har vorte samanlikna med Donald Trump og Brasil sin tidlegare president Jair Bolsonaro. Han vert også samanlikna med Wolverine, og har fått kallenamnet «El Loco» («galningen»).

No skal han altså «gjenoppbygge» Argentina etter mange år med kraftig inflasjon og økonomisk krise. 40 prosent av innbyggarane i landet lever i fattigdom, og inflasjonen har nådd meir enn 140 prosent.

Milei har mellom anna lova å:

  • legge ned sentralbanken, og erstatte peso-valutaen med dollar
  • legge ned ei rekke departement, inkludert kultur, likestilling, helse og utdanning
  • privatisere offentlege selskap, mellom anna innanfor fly, olje og gass og vassverk

Det er ikkje berre den økonomiske politikken til Milei som vekker oppsikt. Milei er nemleg abortmotstandar og klimafornektar. Han ønsker dessutan å opne for organsal og fritt våpensal. Abort vart avkriminalisert så nyleg som i 2020.

Populær blant unge

Milei sin viktigaste motkandidat i presidentkampen var Sergio Massa frå venstresidekoalisjonen Unionen for fedrelandet. Massa har vore finansminister i Argentina i ei tid med enorm prisstiging i landet, og hadde dermed ein tøff jobb å gjere for å vinne tillit i folket.

Ifølge nyheitsbyrået Reuters har Milei vore særleg populær blant unge folk som har vakse opp i eit land prega av krise.

– Eg er ærleg talt ekstatisk. Milei representerer forandring til det betre. Med Massa ville vi ikkje hatt noko framtid. Framtida vår har returnert, seier 21 år gamle Efrain Viveros til Reuters.

20 år gamle Irene Sosa er samd:

– Kanskje kan eg ikkje vere einig i eller identifisere meg med alt Milei seier, men han er framtida vår. Han representerer ei framtid for unge folk som meg. Massa var alt som er gale med landet vårt, slår Sosa fast.

Får økonomi-kritikk

Om Milei har rett medisin for den økonomiske krisa i landet, er det likevel mange som set spørjeteikn ved. Ei gruppe med over 100 økonomar skreiv eit ope brev i forkant av valet, der dei hevda at Milei sine enkle løysingar for landet mest truleg ville skape meir øydelegging på kort sikt, og skape mindre handlingsrom på lang sikt.

Mellom anna den franske økonomen Thomas Piketty har signert brevet.

Økonomane spår mellom anna at store kutt i offentleg pengebruk kan føre til auka sosiale spenningar og konfliktar.

Milei og visepresidentkandidaten hans, Victoria Villarruel, har også blitt skulda for å bagatellisere grusomheitene under diktaturstyret i Argentina på 70- og 80-talet. Gruppa Historias Desobedientes hevda før valet at ein siger til Milei ville sette sjølve demokratiet på spel. Gruppa består av etterkommarar etter medlemmer av diktaturstaten, som er forferda over lovbrota til foreldra sine.

– Milei vil implementere den same planen som diktaturet, han har det same politiske målet om å knuse alle dei han reknar som venstreorienterte, åtvara Historias Desobedientes i eit ope brev.

Dei hevda at Milei vil legge ned fagforeiningar, knuse den argentinske valutaen og forårsake hyperinflasjon.

«Ein tabbe»

I likskap med Trump har Milei fått merksemd for å presentere seg sjølv som eit alternativ til dei etablerte politikarane. Han er bustete på håret, snakkar engasjert og bannar, og har kalla pave Francis ein kommunist. På scena har han brukt ei motorsag som rekvisitt for å illustrere at han skal sage ned dei offentlege budsjetta.

Milei kjem ikkje frå noko etablert parti i landet, men starta i 2018 sitt eige libertarianske parti. Han kallar seg sjølv ein anarko-kapitalist.

– Når det gjeld politisk logikk, er eg ein tabbe, for det eg har komme for å gjere er faktisk å sette ein stoppar for privilegia til politikarane, sa han til Reuters i fjor.

Noko av det han vart kjend for, var nettopp å raljere med «tjuvane» i den politiske eliten på tv.

Ingen av dei politiske blokkene i Argentina har fleirtal i kongressen, ei heller Milei sitt parti. Han vil difor vere avhengig av støtte frå andre parti for å gjennomføre politikk, og det kan verte vanskeleg for han å gjennomføre store politiske reformer.

Gratulasjon frå Trump

Nettopp Donald Trump og Jair Bolsonaro har gratulert Milei med sigeren.

«Eg er veldig stolt av deg. Du vil snu landet ditt rundt og verkeleg Gjere Argentina Stort Igjen,» skreiv Trump på nettstaden Truth Social, i eit ekko av sitt eige slagord, «Make America Great Again».

Bolsonaro skreiv at «Håp glitrar igjen i Sør-Amerika», med ønske om ærlegdom, framsteg og fridom.

Twitter/X-eigar Elon Musk slo fast at Argentina no er på veg mot velstand.

På den andre sida skreiv Gustav Petro, venstresidepresidenten i Colombia, at det er ein trist dag for Latin-Amerika.


– Vi har eit ordtak: Nasa-urfolket græt aldri, vi blir meir rebelske, fortel Marcela (23). Foto: Edith Meek Allern