Amnesty om TikTok: Unge ser videoar om sjølvmord og sjølvskading

Ein ny rapport viser at algoritmane til TikTok dyttar opp slike videoar i «feeden» til sårbare barn og unge.

Åshild Slåen
Publisert

– Når eg ser ein trist video som eg kan relatere til, blir plutseleg heile «For You»-sida mi trist, og eg er i «Sadtok». Det påverkar korleis eg føler meg.

Det fortel 18 år gamle Francis frå Filippinane i eit intervju med Amnesty i ein ny rapport.

Organisasjonen meiner TikTok sin praksis rundt å samle inn data bryt med menneskerettane til brukarane. Data som blir samla inn spissar algoritmen som viser videoar til enkeltbrukarar, og Amnesty meiner det støttar opp og vidarefører skadelege måtar å oppføre seg på.

Spesielt videoar om sjølvmord og sjølvskading bekymrar organisasjonen. Undersøkinga deira viser at det ikkje tok lang tid før ein merka effekten av å vere interessert i psykisk helse. Etter berre fem til seks timar på appen var nesten halvparten av videoane om psykisk helse og potensielt skadelege.

– Vi ser at sårbare barn og unge veldig fort blir leia inn i eit kaninhol av innhald som kan vere skadeleg for dei.

Det seier Ingrid Stolpestad, politisk rådgjevar i Amnesty, til NRK. Ei løysing meiner ho kan vere å endre måten feeden fungerer, og korleis videoar blir tilrådd av algoritmen.

– Dei må slutte å spore unge for å heile tida gi dei hyperpersonalisert innhald.

Rapportane har brukt gruppeintervju med barn og unge i Filippinane, Kenya og USA, og automatiserte kontoar som representerer 13-åringar i Kenya for å samle inn data.