Regjeringa opnar for fleire universitet
Regjeringa ønskjer å endre regelverket slik at fleire norske høgskular kan bli universitet. Statsråd Sandra Borch (Sp) meiner tida er inne.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei siste tiåra har stadig fleire høgskular ønskt å bli universitet. I 2002 var det fire universitet i Noreg, i dag er talet ti, skriv Klassekampen.
Blant endringane regjeringa ønskjer å innfører, er å fjerne kravet om at institusjonane må kunne tilby fire doktorgradsprogram. No skal det halde med å berre tilby éi doktorgradsutdanning.
Regjeringa foreslår også at dei institusjonane som i dag har status som vitskaplege høgskular, skal kunne få søkje om å bli universitet.
Betre ressursbruk
– Dei siste åra er det mange høgskular som har ønskt å bli universitet, noko som har ført til at dei har brukt store ressursar på å oppnå formalistiske og byråkratiske krav, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).
Ho meiner dette har ført til at ressursar har vorte tekne frå grunnutdanningane til å byggje opp doktorgradsprogram.
– Forsking og høgare utdanning speler ei nøkkelrolle når vi skal ruste Noreg til å møte dagens og morgondagens største utfordringar. Vi må vere sikre på at vi bruker ressursane i denne sektoren på best mogleg måte. Dei krava vi stiller, skal ikkje føre til unødig byråkrati eller flytte ressursane bort frå kjerneoppgåvene til universitet og høgskular. Derfor endrar vi kva som trengst for å bli universitet i Noreg, seier Borch i ei pressemelding.
Tilpassa dagens røyndom
Regjeringa har vurdert forslaga frå ekspertgruppa som gjekk gjennom kriteria for akkreditering som universitet, og deretter kommen opp med forslaga sine til endringar.
– Dei nye krava er betre tilpassa dagens røyndom, og vi vil sørgje for at nye universitet kan bruke ressursane sine betre og dyrke profilen sin. Slik sikrar vi høgast mogleg kvalitet til beste for tilsette, studentar og samfunns- og arbeidsliv, seier Borch.
Kunnskapsdepartementet vil jobbe meir med å utarbeide krava framover, og tek sikte på å sende forslag til endringar i universitetskrava på høyring i løpet av våren 2024. Planen er at nye reglar skal tre i kraft frå 1. januar 2025.