Nasjonale prøver: 8.- og 9.-klassingar svakare i lesing og rekning enn fjorårskullet

Årets 8.- og 9.-klassingar presterer dårlegare i rekning og lesing på nasjonale prøver enn fjorårskullet. Kjønnsforskjellane er også sterkare i år enn i fjor.

NPK-NTB
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets elevkull presterer i overkant av eitt skalapoeng svakare enn fjorårskullet i både lesing og rekning.

I engelsk er det ei lita men positiv endring, viser ny statistikk over resultata frå Utdanningsdirektoratet.

Fordelinga av elevar på meistringsnivå viser at det i år er fleire elevar som presterer på dei to lågaste meistringsnivåa (meistringsnivå 1 og 2) i både lesing og rekning enn i fjor. Delen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa aukar med om lag 5 prosentpoeng på begge prøvene – det svarar omtrent til 3000 fleire elevar.

Jentene presterer best i lesing, med 2,4 skalapoeng meir enn gutane. 40 prosent av gutane presterer på dei to lågaste meistringsnivåa for lesing, ein auke frå 32 prosent i fjor.

Gutane presterer i snitt 2,9 skalapoeng meir enn jentene i rekning, og 29 prosent av gutane og 39 prosent av jentene som presterer på dei to lågaste meistringsnivåa i rekning.

Oslo har flest elevar som presterer på høgt nivå på alle prøvene, slik som for tidlegare år. 94 prosent av elevane på 8. trinn deltok på prøvene hausten 2023.