Ny lov på trappene: Lærarutdanning kan bli krav for fast jobb i skulen

Viss regjeringa får det som dei vil, blir det krav om å ha lærarutdanning for å få fast jobb som lærar. Eit lovforslag blir no sendt på høyring.

NPK-NTB-Håkon Vatnar Olsen
Publisert

For å få fast jobb som lærar i dag, er det krav om «relevant fagleg og pedagogisk kompetanse». Dette ønskjer regjeringa å endre til krav om «relevant lærarutdanning».

Erfaring frå klasserommet vil ikkje vere tilstrekkeleg for å fast jobb, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Ifølgje Utdanningsforbundet manglar eit av fem lærarårsverk i skulen lærarutdanning. Forbundet er blant aktørane i skulesektoren som ønskjer seg ei slik lov.

– Bidreg til auka status

Søkjartala til lærarutdanningar fall med over 20 prosent i år samanlikna med 2022. Det skjer etter ein storstreik sommaren og hausten 2022, som enda i tvungen lønnsnemnd.

– Endringa vil bidra til at barna våre får god opplæring av lærarar med lærarutdanning, og til å utvikle skulen. Det vil også bidra til å auke statusen til læraryrket og vere med på å gjere det meir attraktivt for dei som skal velje ei utdanning, seier den ferske kunnskapsministeren Kari Nessa Nordtun (Ap) i pressemeldinga.

Lovforslaget opnar likevel for å tilsetje lærarar på vilkår av at dei fullfører lærarutdanning, viss det ikkje er kvalifiserte søkjarar.

– Når skulane ikkje får søkjarar til lærarstillingar som oppfyller kompetansekrava, meiner eg det er viktig at dei vurderer å tilsetje dei som ønskjer å fullføre ei lærarutdanning. Mange kommunar gjer dette allereie i dag, og no føreslår vi endringar i lova som vi meiner vil støtte det arbeidet, seier Nordtun.

Ingen mistar jobben

Regjeringa føreslår også å gjere tydeleg i lova at det berre er dei som er tilsette i lærarstilling, som kan ha ansvar for opplæringa.

Dei som er tilsette i lærarstilling utan relevant lærarutdanning, kjem ikkje til å miste jobben viss lova trer i kraft.

– Ingen som er tilsette i lærarstilling skal avskiltast, seier Nordtun.

Høyringsfristen er 5. januar, og Kunnskapsdepartementet tek sikte på at lova kan tre i kraft i august 2024.