Kvinner tar færre poeng i kvite shorts

Forsking syner at kvinner speler dårlegare i kvite shorts.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Det syner ein ny studie av Alex Krumer ved Høgskolen i Molde. Forskaren har analysert 234 kampar frå VM og EM mellom 2003 og 2023.

Studien syner at kvinner tapar eit tredjedels poeng per kamp dei spelar i kvite shorts.

– Effekten er veldig sterk! Å spele i kvite shorts er ein dårleg idé både for resultatet og kvinners sjølvtillit. Ein bør rett og slett ikkje presse kvinner til å spele i kvite shorts, men sportsindustrien følgjer ikkje med, seier Krumer, ifølgje høgskulens nettavis Panorama.

Studien er ikkje fagfellevurdert.

– Forstyrrande

Krumer seier til NRK at han ikkje er overraska over resultata i studien. Forskaren peikar på at kvinnelege spelarar allereie har uttrykt at kvit shorts plagar dei, og set resultata i samanheng med menstruasjon og frykt for å blø igjennom.

Det meiner forskaren går ut over sjølvtilliten og prestasjonen på bana.

NRK har snakka med norske fotballspelarar som kjenner seg att i dette.

– Ja, innimellom kjenner eg meg ukomfortabel med det, utan at det kanskje påverkar ein heil kamp. Men ein har det i tankane, noko som er forstyrrande på mange måtar, innrømmer Frida Maanum, som speler i kvit shorts både for Arsenal og for Noreg.

Fleire byter shorts

Fleire lag har den siste tida gått vekk frå den kvite shortsen. Til dømes har Manchester City bytt ut den kvite underdelen til fordel for ein i burgunder farge. Også landslaga til England, Frankrike og New Zealand har droppa kvit shorts, opplyser Krumer.

– Fråværet av kvit shorts er fantastisk for kvinner med ei eller anna form for mensangst, sa New Zealand-spelar i Hannah Wilkinson i ei pressemelding om lagets nye uniform.

I pressemeldinga blir det trekt fram at shortsbytet kjem som følgje av den globale trenden med å skrote kvit shorts blant kvinnelege idrettsutøvarar.

Noreg i kvitt

Men under VM i Australia og New Zealand i sommar, spelte 19 av 32 lag minst éin kamp i kvit shorts, ifølgje forskaren ved Høgskolen i Molde.

Det norske landslaget speler framleis i kvitt, men spelarane kan bruke ein antilekkasje-undershorts.

– La oss håpe at desse tiltaka ryddar problemet av bana. Viss det framleis er spelarar som er skeptiske til den nye shortsen, må vi setje oss ned og snakke med spelarane. Vi er ikkje tent med at det hemmar prestasjonen, seier Heidi Støre i Noregs Fotballforbund (NFF) til NRK.

Krumer har òg sett på om farge på shortsen påverkar prestasjonen til mannlege spelarar, og kome fram til at dei speler like godt uavhengig av om shortsen er kvit.