Høgre fell – men er framleis størst
Høgre går tilbake 3 prosentpoeng, men er framleis det største partiet med ei oppslutning på 24,6 prosent på Norstats siste måling, der INP hamnar på vippen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er det svakaste resultatet for Høgre i Norstats målingar sidan desember 2021, men framleis nok til å behalde statusen som det største partiet i landet. Det kjem fram i novembermålinga Norstat har gjort for Aftenposten og NRK.
– Vi går jo mykje tilbake, og det er aldri noko hyggjeleg. Men samtidig er vi dei klart største partia i landet, og vi gjer historisk sett ei ganske god meiningsmåling, seier nestleiar Henrik Asheim i Høgre.
Også regjeringspartia fell på målinga, Ap går tilbake 0,8 prosentpoeng til 20,2 og Senterpartiet går ned frå 6,6 prosent i oktober til 5,6 prosent no i november.
Oppslutninga til partia:
Endring frå oktober i parentes.
- Høgre 24,6 (-3)
- Arbeidarpartiet 20,2 (-0,8)
- Senterpartiet 5,6 (-1), SV 10,6 (+1,9)
- Framstegspartiet 12,9 (+1,3)
- Miljøpartiet Dei Grøne 4,6 (+0,8)
- Raudt 4,2 (-1,1)
- Venstre 6,4 (+0,6)
- Kristeleg folkeparti 4 (+1)
- Industri og Næringspartiet 4,3 prosent (+1,1).
SV og Framstegspartiet går mest fram i målinga med ein oppgang på høvesvis 1,9 og 1,3 prosentpoeng. Elles er Industri- og næringspartiet over sperregrensa på målinga. Med seks stortingsrepresentantar hamnar partiet på vippen på Stortinget.
Dei fire borgarlege partia får 82 mandat, medan venstresida får 81.