Skal vurdere kor skikka studentar er til visse yrke
Regjeringa innfører krav om at universitet og høgskular frå neste haust må vurdere om studentar på utdanningar med nær kontakt med menneske og dyr, er skikka til yrket dei utdannar seg til.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Målet med vurderingane er å avgjere om ein student utgjer ein mogleg fare for dei som studenten vil komme i kontakt med under praksis eller i framtidig yrkesutøving. Liknande skikkaheitsvurderingar er allereie på plass i fleire lærar- og helseutdanningar, og dessutan i utdanningar til prest og teiknspråktolk.
Den nye forskrifta om skikkaheitsvurderingar gjeld mellom anna for utdanningar som veterinær, dyrepleiar, skulefritidsassistent og osteopat.
– Studentar på desse utdanningane kjem i kontakt med menneske og dyr i sårbare situasjonar både ute i praksis og når dei etter kvart skal ut i jobb. Derfor er det viktig at universiteta og høgskulane vurderer om studentane er skikka til yrket dei utdannar seg til, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).
Den nye skikkethetsforskriften trer i kraft 1. august 2024.