Norsk språkekspert pessimistisk til samisk KI: – Kan ta tusen år

Stadig fleire nyttar KI i kvardagslivet. Men det er framleis svært langt igjen til KI kan forstå samisk, ifølgje ein språkteknologi-ekspert.

NPK-NTB
Publisert

Svenske Joseph Fjällgren, som jobbar som omsetjar for nord- og sørsamisk og dessutan er tolk, seier til SVT-programmet «15 minutter från Sápmi» at han trur KI kan bli ein stor ressurs for mindre språk som samisk.

– Vi må sjølv byrje å prøve å handtere KI og styre han sjølv. Vi må også utdanne tilsette i KI, og lage ei eiga KI-avdeling, seier Fjällgren.

Men Trond Trosterud ved Universitetet i Tromsø er langt mindre optimistisk og trur det er langt igjen, melder SVT.

– Det trengst tusen gonger fleire samar som skriv på samisk. Finnes det ikkje mange nok, må vi vente i ytterlegare tusen år, sa Trosterud, som leier Giellatekno , Senter for samisk språkteknologi, i det same programmet.

Giellatekno har som mål å lage grammatikkbasert språkteknologi for samisk og andre nordlege språk, men Trosterud ser ikkje KI som eit uvilkårleg hjelpemiddel i ei revitalisering av samisk.

– Dette er språkmodellar som blir konstruerte på hundretals milliardar ord. Den største tekstsamlinga på svensk er på 15 milliardar ord. Når det gjeld nordsamisk, som er det største samiske språket, så har samlinga 35 millionar ord, seier Trosterud:

– Det inneber at om ein skal nå same nivå som for svensk, må ein ha 500 gonger fleire ord eller kanskje tusen gonger fleire ord enn for svensk.