Han skal leia Unge Sentrum

Håvard Røgeberg Magelssen er ny leiar i partiet etter at Espen Oseid Danielsen trekte seg.

Frida Tvedte Matre
Publisert

Under Unge Sentrum sitt ekstraordinære landsmøte 14. oktober vart Håvard Røgeberg Magelssen valt som ny leiar. Det skriv ungdomspartiet i ei pressemelding.

– Me skal halda fram med å vera brubyggjaren sjølv om alle andre roper etter splitting, fremje dialog, og krevja at både menneskerettar og berekraft ligg til grunn for kvar avgjerd som blir teken, sa Magelssen i talen sin under landsmøtet.

21-åringen frå Tønsberg har sidan byrjinga av september vore fungerande leiar etter at både dåverande leiar Espen Oseid Danielsen og 1. nestleiar Eline Heidisdatter Lorentzen gjekk av og meldte seg ut av partiet. Danielsen hadde då vore leiar sidan mars i år, etter at Simen Bondevik gjekk av.

– Når det er så mange saker der usemja er stor og tydeleg, blant anna innan saker vedrørande skule, justis og ytringsfridom, er det verken fornuftig, riktig eller forsvarleg å sitte på dei verva ein gjer i partiet, fortalde Danielsen til Framtida i september.

Saman med Magelssen vart også Knut Inge Gjønnes og Christina Babington valt inn som nestleiarar for resten av perioden.