Rapport:

Åtte alvorleg psykisk sjuke jenter har døydd i omsorga til barnevernet på fem år

Åtte tenåringsjenter har døydd i omsorga til barnevernet dei siste fem åra, viser ein rapport frå Helsetilsynet. Alle var alvorleg sjuke.

NPK-NTB
Publisert

rapporten kjem det fram at dei åtte jentene hadde alle alvorlege helseproblem og budde på barnevernsinstitusjon då dei døydde.

Det var NRK som først omtalte saka.

Dei psykiske helsetenestene jentene fekk, var manglande, og nokre sleit med alvorlege eteforstyrringar. Andre med sjølvskading og/eller risiko for sjølvmord, ifølgje rapporten.

I tillegg hadde nokre av jentene utvikla eit rusproblem på institusjon. For somme av dei eskalerte rusproblemet til omfattande bruk og mange overdosar.

Åtvara fleire gonger

Helsetilsynet har fleire gonger tidlegare påpeika store feil og manglar i barnevernet og systema rundt. Berre éin gong har det vorte kartlagt kor vanleg alvorlege psykiske lidingar er blant unge på barnevernsinstitusjonar.

I 2015 viste forskinga frå NTNU at 76 prosent av unge i barnevernsinstitusjonar har alvorlege psykiatriske diagnosar. Dette er første og så langt siste gong det har vorte gjennomført ei slik undersøking i Noreg, ifølgje NRK.

Saka om Mina og Mille

Ei av sakene som blir trekt fram av NRK, er om dei to 16 år gamle tvillingane Mina Alexandra og Mille Andrea Hjalmarsen som døydde av overdose i Spydeberg i januar i år. Mor til tvillingane, Kirsti Skogsholm, har seinare fortalt om store problem i førebygginga og behandlinga av psykiske helseutfordringar og rusproblematikk.

Etter eit kortvarig behandlingsopplegg for eteforstyrring då jentene var rundt 13 år, budde dei på ti ulike barnevernsinstitusjonar, trass i sterke åtvaringar og protestar frå fleire instansar, fortel mora til kanalen.

– Mina og Mille trong psykisk helsehjelp, ikkje å bli plassert på ein barnevernsinstitusjon, seier Skogsholm.

Føler ansvar

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) kjenner på eit stort ansvar i saka.

– Vi har ikkje klart å vareta behovet til desse barna. Tenestene har svikta i å gi barna dei tilboda dei treng, sa ho på ein pressekonferanse fredag.

Vidare seier ho at det skal bli endrinfgar i barnevernstenesta, skriv Aftenposten.

– Eg synest også det er spesielt at det ikkje er gjennomført ei gransking tidlegare. Men då eg vart klar over at det ikkje vart gjort ei systematisk gransking av alvorlege hendingar og dødsfall i barnevernet, så sette eg det i gang, sa Toppe.