Klimaendringar kan gi dårlegare og dyrare øl i Europa

Dersom bøndene ikkje tilpassar seg varmare klima, vil ølkvaliteten falle, syner ein ny studie.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Øldrikkarar vil definitivt merke klimaendringane, anten på prislappen eller kvaliteten, seier Miroslav Trnka til The Guardian.

Han er forskar ved Global Change Research Institute ved Det tsjekkiske vitskapsakademiet og medforfattar av ein studie som har sett på korleis klimaendringane påverkar ølproduksjonen.

Ein nøkkelingrediens i mesteparten av øl, er humle. Forskarane konkluderer med at kvantiteten og kvaliteten på humle, blir påverka av global oppvarming.

Må endre metode

Det kan føre til at øl blir dyrare og at smaken blir annleis fordi produsentane må tilpasse bryggemetodane sine. Humle blir brukt for å gi øl bitterheit og aroma.

Humle gir aroma til ølet. | Foto: Markus Spiske / Unsplash

Forskarane spår at avlingane med humle i Europa vil falle med 4 til 18 prosent innan 2050 dersom bøndene ikkje tilpassar seg varmare og tørrare vêr.

Innhaldet av alfasyrer i humlen, som er det som gir ølen smak og lukt, vil falle med 20-31 prosent. Nedgangen vil i hovudsak vere ein konsekvens av varmare vêr og hyppigare og alvorlegare tørkeperiodar.

Illustrasjonsfoto: Timothy Dykes / Unsplash