FN etterlyser klimatiltak retta mot kvinner

FNs befolkningsfond krev meir fokus på jenter og kvinner i klimahandtering.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klimakrisa er ikkje kjønnsnøytral. I dei landa som er mest utsette, er kvinner og jenter uforholdsmessig påverka trass i at dei har bidrege minst til den globale klimakrisa.

Det seier administrerande direktør Natalia Kanem i FNs befolkningsfond (UNFPA) i ei pressemelding.

FNs befolkningsfond jobbar med seksuell og reproduktiv helse. Tysdag la dei fram ein rapport saman med Queen Mary University of London. Rapporten syner at berre ein tredel av landa som har klimaberedskapsplanar, har med særskilde tiltak for kvinner og jenter.

Dei har undersøkt kor vidt klimaplanane til 119 land tek omsyn til prevensjon, trygg fødsel og mødrehelse og beskyttar kvinner og jenter frå kjønnsbasert vald.

Hardast råka

FNs befolkningsfond skriv at kvinner og jenter er blant dei som blir hardast råka av klimakrisa.

Auka temperatur har vore knytt til komplikasjonar under svangerskap og ekstremvarme kan føre til fleire dødsfall blant barn og mødrer.

Tropiske syklonar har hindra tilgangen på helsetilbod og spreidd sjukdommar som kolera. Orkanar og tørke aukar risikoen for kjønnsbasert vald og barneekteskap, skriv The Guardian.

FNs befolkningsfond trekker vidare fram at kvinner og jenter blir hardare råka av matusikkerheit og underernæring som følgje av klimakrisa.

Viktig å prioritere

Likevel er det færre enn ein tredel av landa som har publisert ein klimaberedskapsplan som har forplikta seg til å oppretthalde den seksuelle og reproduktive helsa og rettane til kvinner og jenter.

Av dei 119 nasjonale planane forskarane har sett på, inkluderer 38 av dei tilgang til prevensjon og helsetenester for mødrer og nyfødde, og 15 refererer til vald mot kvinner, ifølgje The Guardian.

FNs befolkningsfond meiner ein må tette desse hola. Dei oppmodar fleire land til å anerkjenne korleis klimakrisa påverkar kvinner uforholdsmessig, og ber om meir handling.

– Denne rapporten er ei påminning om kvifor det er så viktig at land prioriterer seksuell og reproduktiv helse og rettar i klimastrategiane sine, uttalar Kanem.