Studie finn at det er større fare for depresjon blant studentar enn dei som ikkje studerer

Ein engelsk studie har samanlikna psykisk helse hjå studentar og ikkje-studentar. Resultatet viser at førekomsten av depresjon var høgare blant dei som studerte.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Andelen britiske universitetsstudentar med psykiske helseproblem har auka frå seks prosent i 2016/2017 til rundt 16 prosent i dag. Det svarar til om lag ei tredobling, skriv avisa Khrono.

Ein del av auken oppstod under pandemien. Men i dei siste tolv månadene, har talet auka med 32 prosent. Årsakene det blir peika på er mellom anna auka levekostnader.

Studien finn òg at psykisk helse er den viktigaste grunnen til at studentar vurderer å avslutta studiane.

I tillegg var det 3,5 prosent som svarte at økonomiske problem var årsaka til at det gjekk dårlegare med den psykiske helsa deira. Talet hadde i 2023 stige til 8 prosent. Alder har òg sitt å seia.

Ifølgje studien slit studentar i spennet mellom 18 og 19 år meir med psykisk helse enn det jamgamle som ikkje studerte gjer.