Bistand under 1 prosent i statsbudsjettet: – Gamblar med pengane til verdas fattige
Regjeringa foreslår å bruke 51,7 milliardar kroner av statsbudsjettet på bistand.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Når verda brenn og Noreg håvar inn milliardar så må vi kunne stille opp i større grad for verdas fattige. Dette budsjettforslaget legg ikkje opp til det, og det er uhaldbart.

Changemaker-leiar Marte Hansen Haugan er ikkje imponert over Regjeringa sin klimapolitikk.
Det skriv Changemaker-leiar Marte Hansen Haugan i ei pressemelding etter forslaget til statsbudsjettet var kjent.
I år foreslår regjeringa å bruke 51,7 milliardar kroner av statsbudsjettet på bistand. Det svarar til 0,94 prosent av Brutto Nasjonal Inntekt (BNI), altså under målet om 1 prosent som Noreg har. Hansen Haugan reagerer særleg på at det ikkje ligg fleire bistandskroner inne i klimafinansiering.
– Det er bra at regjeringa vil gjere det gunstig å investere i fornybar energi, men vi kan ikkje gamble med pengane som er sett av til verdas fattige.
Reell nedgang
Også Norsk Folkehjelp synest det er knapt med bistand i budsjettet.

Gry Ballestad avdelingsleiar UHS leiar for Utvikling og Humanitært samarbeid i Norsk Folkehjelp
– Vi lever i ei verd kor demokratiet er på tilbakegang, og det er skuffande å sjå at sjølv om regjeringa anerkjenner viktigheita av sivilt samfunn i statsbudsjettet, reflekterast det ikkje i budsjettposten som står på staden kvil frå i fjor.
Det skriv Gry Ballestad, leiar for Utvikling og Humanitært samarbeid i Norsk Folkehjelp i ei pressemelding.
Ballestad presiserer at det å ikkje auke støtta betyr ein reel nedgang med tanke på inflasjon.
Kritikk frå KrF
Kjell Ingolf Ropstad frå KrF gjekk hardt ut mot dette punktet då han prata på talarstolen i Stortinget i dag.
– Under ei krone per hundrelapp vi tener skal gå til verdas fattigaste. Det forlèt den solidaritetslinja som i alle fall Arbeidarpartiet har stått i bresjen for, men som dessverre no for andre gong blir gått vekk frå.

Foto: Astrid Waller/Stortinget
Han seier han er sjokkert over kutta.
– Det betyr at landet som tener mest på auka energiprisar fortel resten av verda at vi ikkje har råd til å gje ei krone per hundrelapp vi tener.
Spesielt kutta i støtte til utdanning meiner han er alvorleg. Det er eit av punkta i statsbudsjettet som er kutta mest i sidan i fjor.