«Lars er LOL»-regissøren: – Mobbing set evige spor

2023 treng eit filmoppgjer med mobbing, ifølgje Eirik Sæter Stordahl. Regidebutanten veit sjølv kor vondt det gjer.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sju år er gått sidan Iben Akerlie publiserte kritikarroste «Lars er LOL». Like lenge har Eirik Sæter Stordahl jobba for å lage film av barneboka til si gamle venninne frå vidaregåande.

Ifølgje regidebutanten er tidspunktet perfekt når han inntek kinolerretet fredag.

– Etter korona har talet på barn som opplever mobbing på skulen, auka kraftig, seier Stordahl (35) til NTB.

Han viser til rapportar som Utdanningsdirektoratets Elevundersøkelsen – og til at kvardagen blir stadig meir digital.

  • Norsk familiefilm frå 2023
  • Manus: Iben Akerlie, Eirik Sæter Stordahl
  • Regi: Eirik Sæter Stordahl
  • I rollene: Lilly Winger Schmidt, Adrian Øverjordet Vestnes, Norah Lulu Ali-Amoafo, Agnes Grønneberg Hagen, Ilias Bouyambib, Carmen Grimseth, m.fl.
  • Lengd: 1 t. 29 m.
  • Aldersgrense: 6 år
  • Noregspremiere: 29. september

– Viss du kallar ei jente «stygg» i skulegarden, får du vondt inni deg når du ser kor lei seg ho blir, illustrerer Stordahl.

– Viss du gjer det frå dataen eller mobilen, får du ikkje den same direkte responsen. Det er mykje lettare å vere slem når du gøymer deg bak ein skjerm. Og som ein som har opplevd mobbing som barn, veit eg kor øydeleggjande det er. Mobbing set evige spor.

Om å vere annleis

Tittelfiguren i «Lars er LOL» har Downs syndrom. Når han skiftar skule, får han ein ny bestevenn i Amanda. Vennskapen blir likevel sett på prøve i det «klassekameratar» opprettar ein blogg for å drive gjøn med Lars. Amanda lèt seg presse til å dele private videobilete av han fordi ho er redd for sjølv å bli latterleggjort.

– Kjernen handlar om å vere annleis, seier Stordahl, som er filmutdanna og busett i Danmark.

– Medan Amanda vil passe inn og er redd for å skilje seg ut, er Lars annleis på ein måte som ikkje lèt seg skjule. Gjennom møtet med han forstår ho etter kvart kor fint det er å vise annleisheita si.

Forfattar Akerlie har vore tungt involvert i manusarbeidet. Stordahl meiner duoen såg eit lys med det fjerde utkastet.

– Det tematiske prismet vart: «Viss du ikkje vågar å vise verda kven du er, kjem du til å såre både deg sjølv og alle du er glad i,» samanfattar han.

– Det er det Amandas karakterreise går ut på. Og det er vennskapen med Lars som mogleggjer den reisa.

Full sirkel

Opptaka fann stad på Oslo-skulen der Stordahl trødde barneskoa sine på 90-talet. Det skal ikkje ha vore lett då heller.

– Alle gutane spelte fotball. Det gjorde ikkje eg. Eg sat heime og skreiv fantasyromanar eller leika med tresverd i skogen, røper Stordahl sorgmuntert.

– Legg til at eg var litt smålubben, og meir skulle ikkje til før eg fekk kommentarar. Men ingen av dei som mobba meg, var vonde – dei var berre barn, presiserer han.

– Og det er noko av det eg likar med historia til Iben: Amanda er ikkje eit dårleg menneske. Ho gjer ein dårleg ting – som ho heldigvis får høve til å rette opp.

I Amanda-rolla finn vi Lilly Winger Schmidt, medan Adrian Øverjordet Vestnes speler Lars. Stordahl rosar castingansvarleg Celine Engebrigtsen for innsatsen med å introdusere begge.

– I Adrians årskull er det 40 norske gutar med Downs syndrom. Det at Adrian finst, er éin av dei tusen tinga vi har hatt hell med i prosjektet. Det har vore heilt fantastisk å sjå korleis han har vakse med oppgåva. Han er ekte skodespelar no.

Skam og styrke

– «Serr», «seff», «chill»: Korleis klarer to 35-åringar å halde seg à jour med kidsa språkleg?

– Vi har med dei beste konsulentane i verda: Barna sjølv. Ved å bruke dei som filter håpar vi at vi har klart å lage noko som kjennest nært og truverdig. Og ved å rekruttere frå store delar av Austlandet håpar vi at vi reflekterer meir enn éin sosiolekt.

– Kva vart vegen ut av mobbinga for deg?

– Det var nettopp det at eg skreiv fantasyromanar då eg var 11. For snart var det ein annan i klassen som syntest sånt var gøy – og så lånte vi pappa sitt kamera og byrja å filme òg.

Stordahl skin opp over formiddagskaffien.

– Den første kortfilmen min laga eg då eg var like gammal som barna her, på den same skulen, rapporterer han overfor NTB.

– Film vart redninga mi – min «Lars», om du vil. Alt eg hadde skamma meg over, vart plutseleg ein styrke.