Foto: AP Photo/Mark J. Terrill, NFD, Jonas Ekströmer/TT / NTB. Kollasj: Framtida.no
Få med deg nokre av dei viktigaste sakene frå veka som har gått.
Marie Knutsen Bruntveit
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Historisk klimasak i Den europeiske menneskerettsdomstolen
Denne veka har det vore høyring i den største klimasaka som har vore i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.
Seks portugisarar mellom 11 og 24 år har klaga inn dei europeiske landa for å ikkje gjera nok for å verna dei mot klimaendringane.
Saka kalla Duarte m.fl. mot Portugal m.fl. rettar seg mot dei 27 EU-landa, i tillegg til Noreg, Storbritannia, Sveits, Russland og Tyrkia.
Dei meiner at manglande handling for å unngå klimaendringar og dei katastrofale følgjene dette har i form av naturkatastrofar, bryt med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).
– På grunn av ekstreme temperaturar er eg avgrensa i korleis eg trenar og kor mykje tid eg kan halda til ute. Eg er tvungen å vera inne, eg har problem med å sova, og takka vera den svake klimapolitikken frå desse regjeringane, vert ting verre, seier klagar Andre Oliveira (15) til Reuters.
Klagarane vil ha ein lovleg bindande avtale som tvingar statane til å handla mot klimaendringar. Vinn dei fram kan domstolar krevja at statane kuttar utslepp raskare enn planlagt. Den endelege dommen er venta i 2024.
Saka til dei unge portugisarane er støtta av britiske Global Legal Action Network (GLAN) og Avaaz som her møter pressa utfor Den europeiske menneskerettsdomsstolen i Strasbourg. | Foto: Pascal Bastien/AP Images for Avaaz
Natt til torsdag heldt det republikanske partiet i USA sin andre debatt før neste års primærval.
Sju kandidatar stod på scenen i California, der innvandring og økonomi var dei store temaa. Ein kandidat var tydeleg fråverande under debatten: Donald Trump. Motkandidatane nytta høvet til å gje den tidlegare presidenten ganske hard kritikk.
Før debatten hadde Trump oppslutning på 54 prosent i ei meiningsmåling blant republikanske veljarar. Meir enn 40 prosentpoeng under, ligg Ron DeSantis på 2.-plass.
Trass i fråvær, hard kritikk og ein dom for bedrageri, har Trump blitt utnemnd som vinnaren av torsdagens debatt.
Dagen før vart Donald, Donald Jr. og Eric Trump funne ansvarlege for svindel i ei sivil rettssak i New York. At dei vart funne ansvarlege betyr at den tidlegare presidenten no vil bli saksøkt av statsadvokaten i New York. Om den kommande rettssaka ikkje endar i Trump-ane sin favør, vil dei miste retten til å driva forretning i delstaten.
Nikki Haley, Ron DeSantis, Vivek Ramaswamy og Tim Scott | Foto: AP Photo/Mark J. Terrill
– Vi aukar no innsatsen med 15 milliardar kroner for å avlasta risiko og bidra til utvikling av banebrytande teknologi som Noreg og verda treng. Dette er aktiv næringspolitikk i praksis, sa næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) under lanseringa av pakken.
Vestre håpar pakken vil gjera grøne satsingar meir lønsame og attraktive for private investorar.
I regjeringa sitt forslag kjem det fram at milliardane skal gå til investorselskap og organisasjonar, der gründerar kan søka om pengar. Selskapa som får størst del av potten er investorselskapet Nysnø, finansieringsselskapet Eksfin og Innovasjon Noreg.
3 mrd. til Nysnø (1,85 mrd.), Siva (1 mrd.) og Investinor (150 mill.)
10 mrd. i auka garantiramme under Eksfin
1 mrd. i auka låneramme under Innovasjon Noreg
1 mrd. over fem år i tilskot til teknologiutvikling innanfor batteriprosjekt av felleseuropeisk interesse (Innovasjon Noreg)
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) og landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) med regjeringas grøne vegkart. | Foto: NFD
På to veker har skyteepisodar og eksplosjonar råka områda i og rundt Stockholm. Natt til torsdag vart det meldt om to skyteepisodar i Stockholmsområdet og ein eksplosjon i Uppsala som tok livet til ei 25 år gammal kvinne.
Svensk politi meiner valden er resultat av ei pågåande konflikt mellom organiserte kriminelle miljø, og at fleire svært unge personar er blitt involverte i tung kriminalitet den siste tida.
Dei knyt fleire av hendingane til det kriminelle Foxtrot-nettverket, som òg har noko aktivitet i Noreg. Denne veka møtte justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) sin svenske motpart.
Etter møtet presenterte Mehl og Justisdepartementet ei rekke tiltak for å styrka kampen mot gjengkriminalitet. Oppretting av ein ny grensepolitistasjon, styrkt samarbeid med svensk etterretning og styrking av politiet i enkelte område er blant tiltaka som vart presentert.
– Nedgang i mengda som røykjer, har høgt kolesterol og eller høgt blodtrykk, og dessutan betre behandling er sannsynlege årsaker til nedgangen i hjarteinfarkt og hjerneslag, seier Ester Kringeland, overlege ved Hjarte- og karregisteret, i ei pressemelding.
Talet på akutte hjerneslag har i den same perioden blitt redusert med 8 prosent hjå kvinner og 10 prosent hjå menn.
Hjarte- og karsjukdommar er framleis den nest vanlegaste dødsårsaka i Noreg etter kreft. I 2022 var 23 prosent av alle dødsfall resultat av ein hjarte- og karsjukdom.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.