Færre unge tek seinabort

Subsidiert prevensjon til yngre kvinner kan ha bidrege til at denne gruppa no tek færrast seinabortar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Aldersgruppa 15–19 år har gått frå å vere aldersgruppa med det høgaste talet på nemndabortar i 1979 til den med lågast talet på i 2021, viser ein ny gjennomgang publisert i Tidsskriftet Den norske legeforening.

Også i aldersgruppa 20–24 år har det vore eit liknande fall. Det var blant kvinner i alderen 30–34 år at det var flest seinabortar i 2021, etterfølgd av aldersgruppene 25–29 år og 35–39 år.

Nedgangen i seinabortar følgjer nedgang i dei generelle aborttala. Dette kan ifølgje rapporten komme av målretta tiltak mot yngre kvinner, som rett til subsidiert prevensjon og frå 2014 langtidsverkande prevensjon.

I dag er dei fleste krav om abort etter veke 12 bakgrunn i påviste fosteravvik hos gravide i aldersgruppa 30–34 år. Av desse krava er det svært få som blir avslåtte i nemnd. Innvilgingsprosenten var 97,3 prosent i 2022. Av dei 164 krava for abort etter veke 18 fremja i 2022 var det ni som fekk endeleg avslag i klagenemnda.