Lagnaden til Førdefjorden er klar om to veker

Måndag byrja den to veker lange rettssaka om sjødeponi i Førdefjorden. Dei to første dagane av rettssaka er sett av til innleiingsføredrag frå saksøkjar, før staten tek ordet mot slutten av veka.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det er Naturvernforbundet og Natur og Ungdom som no har teke staten til retten for å få stoppa gruveselskapet Nordic Mining i å etablere eit sjødeponi i Førdefjorden i Sunnfjord. Selskapet har fått lov å deponere 170 millionar tonn avfall frå planlagt gruvedrift i Engebøfjellet. Saksøkjar byrja framlegget sitt måndag med å peike på at prosjektet ikkje er berekraftig.

– Førdefjorden er ein av dei mest artsrike fjordane på Vestlandet. Havforskarar har klart fråråda sjødeponi og uttalt at det ikkje er berekraftig, sa advokat Amund Noss i CMS Kluge, som fører saka for naturvernorganisasjonane i det såkalla Fjordsøksmålet, i innleiinga si i retten måndag.

– Det er miljøorganisasjonane som må ta belastninga med å saksøkje, men det er mange som lever av Førdefjorden som støttar dette søksmålet og håpar at vi vinn fram, sa han.

Vil ha eit moderne prosjekt

Leiar Truls Gulowsen er klar på at det ikkje i seg sjølv er eit mål å hindre gruveindustri ved Førdefjorden.

– Det kan godt vere at det blir gruvedrift, men då må det skje utan deponi i fjorden, sa Gulowsen til Nynorsk pressekontor i førre veke.

Dette blei òg trekt fram under første dag i retten.

– Det som er viktig for saksøkjarane er at dette blir eit moderne prosjekt. Og at det blir drive utan dagbrot og sjødeponi, sa advokat Amund Noss i innleiingsforedraget.

– Rutil og granat kan takast ut med metodar som er miljømessig vesentleg betre enn det Nordic Mining legg til grunn, sa han.

Foto: Emil Kvebæk Øvretveit/Natur og Ungdom.

Dokumenttungt

Striden om fjorddeponi har gått føre seg i ei årrekkje. Det gjer òg at saksdokumenta som ligg til grunn for søksmålet er mange.

– Vi har omfattande dokumentbevis og dei finst i fleire ulike versjonar. Eg har funne fram eit komprimert utdrag på 7913 sider, sa dommar Per Kaare Nerdrum i retten måndag.

Gulowsen har tidlegare vore klar på at det aldri har vore planen å ta striden til retten.

– Vi trudde det kunne bli løyst politisk, fagleg og med sunn fornuft. Men det har tydelegvis gått så mykje politisk prestisje i dette at mange aktørar berre har valt å halde på tidlegare vedtak og ignorere ny informasjon og sunn fornuft.

Dette er saka:

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom hevdar at løyva staten har gitt til gruveselskapet Nordic Mining byggjer på feil forståing av to EU-direktiv, vassdirektivet og mineralavfallsdirektivet. Difor meiner dei løyva er ugyldige. Det er advokatfirmaet CMS Kluge som fører saka for miljøorganisasjonane.

Søksmålet blir bygd på desse rettslege innvendingane:

  • Feil forståing av EØS-rettslege miljøkrav.
  • Det finst eit betre alternativ til sjødeponi, noko forvaltninga var forplikta til å greie ut og vurdere.
  • Miljøkonsekvensane vil bli meir alvorlege enn det som er føresett i løyva.

Prosessfullmektig for staten og advokat hos Regjeringsadvokaten, Henrik Vaaler, ønskte ikkje å uttale seg om utfallet av saka i forkant. Han har uttalt til NTB at det ikkje er nokon tvil om at deponering av industriavfall har store miljøkonsekvensar, men at det har blitt sett av grundig med tid til utgreiingar for å svare på desse spørsmåla.

Det er satt av ti dagar til saka.