Halvparten av studentane har framleis digital undervisning

Norske studentar har framleis mykje digital undervisning – og er fornøgde med det.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av fem seier dei har digital undervisning ofte, og til saman 55,1 prosent seier dei har det ofte eller av og til, skriv Khrono.

Berre 13,4 prosent seier at dei aldri har digital undervisning.

Tala kjem fram i eit notat der Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) har undersøkt haldningane studentane har til digital undervisning.

Forskarane har funne fram til at studentane som har mykje digital undervisning, synest at det påverkar læringsopplevinga på ein positiv måte. Dei er også meir tilfredse med studieprogrammet sitt.

Forskar Andreas Østbø Fidjeland.

– Det som er klart, er at studentane i stor grad ønskjer det, og at dei som har mykje, er dei mest fornøgde studentane. Det er noko å ta med seg i vurderinga av om ein skal gå tilbake til normalen og redusere omfanget av digital undervisning, seier NIFU-forskar Andreas Fidjeland.