Lego stoppar forsøk på å lage klossar utan olje
Leiketøyprodusenten seier at å lage klossar av eit materiale som ikkje er frå olje, ville ha ført til høgare karbonutslepp.
![Synne Ulltang](https://framtida.no/wp-content/uploads/2023/06/Profilbildesynne.jpeg)
Denne saka er skriven av Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.
Legoklossar er laga av plast, og plast er laga av olje. Kvart år produserer Lego milliardar med klossar. For å redusere klimautsleppa prøver Lego å finne nye materiale å lage klossar av.
I 2021 begynte dei å undersøke om det var mogleg å bruke eit materiale som ikkje kom frå olje, men så langt har det ikkje vore vellykka. Ifølge The Guardian har Lego stoppa eit forsøk på å lage klossar frå resirkulerte drikkeflasker.
Totalt større utslepp
– Det er litt som å prøve å lage ein sykkel av tre i staden for av stål, seier sjefen for berekraft i Lego, Tim Brooks, ifølge The Guardian.
Materialet som ikkje kom frå olje var nemleg mjukare. I tillegg trong prosessen for å lage Lego med det nye materialet meir energi enn vanleg. Leiketøyprodusenten måtte også ha endra mykje på fabrikkane sine. Karbonutsleppet totalt ville derfor ha blitt større.
Lego held fram med å undersøke om det er andre måtar å gjere klossane meir berekraftige på.
● Les også: Lanserer Barbie-dokke med Downs syndrom