Kinesisk toppuniversitet skrotar engelskprøvar

Grepet har skapt debatt i sosiale medium.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Toppuniversitetet Xi’an Jiaotong University nordvest i Kina har bestemt seg for å droppe engelskprøvar som ein føresetnad for vitnemål. Det melder CNN.

I 1987 vart det for første gong halde ein standardisert engelskeksamen, og dei siste tiåra har det vore eit krav ved dei fleste kinesiske universitet, sjølv om det ikkje har vore offisiell politikk frå styresmaktene.

Qian Xuesen Library ved XJTU.

Løfta debatt

Onsdag opplyste universitet i provinsen Shaanxi at studentar ikkje lenger treng å stå på ein nasjonal standard engelsktest eller andre engelskprøvar for å få ein bachelorgrad hjå dei.

CNN skriv at engelsk-grepet har starta ein debatt i sosiale medium, og at fleire meiner andre universitet i landet må følgje etter. Dei viser til innlegg på Weibo, Kinas mest populære sosiale medium, om at det er på tide at utlendingar lærer seg kinesisk og at det er latterleg at kinesiske gradar må bli validert av ein test på eit anna språk.

Andre kommenterer at kulturell sjølvtillit ikkje er det same som å vere kulturelt arrogant og lukka, og at ein treng engelsk for å forstå verda.

Auka nasjonalisme

Asiatisk mann i dress med det kinesiske flagget i bakgrunnen.

Den kinesiske presidenten Xi Jinping. Foto: 首相官邸, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons

Spesielt etter at Kina opna opp etter Mao-tida, vart engelsk viktig som akademisk og vitskapleg språk i Kina. Dei siste åra har ein derimot sett at det har blitt lagt mindre vekt på viktigheita av engelsk ved nokre universitet, som anten har bytt ut den nasjonale engelskprøven med ein eigen test, eller som no skrotar kravet.

Kina har ført ein meir nasjonalistisk politikk under president Xi Jinping. Han har tatt til orde for å styrke den kulturelle sjølvtilliten og avgrense vestleg innflytelse. Mellom anna får ikkje lærarar bruke vestlege lærebøker eller snakke om «vestlege verdiar» som demokrati og pressefridom, opplyser CNN.