Veronica (28) ville ikkje bli «gitt bort» av far: – For meg føltes det rart

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Stadig fleire droppar å gifte seg ifølgje Statistisk sentralbyrå. Men ein trend som held fram er tidspunktet for bryllaupet. I fjor blei nesten halvparten av alle ekteskap inngått i sommarmånadane, viser tal frå SSB.

I tillegg til val av årstid, er det mange fleire likskapstrekk mellom dei ulike bryllaupa.

Veronica Danielsen (28) sa «ja» til sin Erlend Buan (28) tidlegare i år. For å feire den store dagen reiste dei frå heimstaden Kaupanger til eit slott i Frankrike. Trass i at bryllaupet deira var unikt, som alle bryllaup er, var ei rekkje tradisjonar til stades – og betydninga ved dei hadde bruda tenkt nøye gjennom.

Slott i Frankrike

Slottet i Château de Vaulogé i Fercé-sur-Sarthe som Veronica Danielsen og Erlend Buan feira bryllaupet sitt i. Til høgre i biletet ser ein den vesle kyrkja vigselen gjekk føre seg i. Foto: Luan Nguyen

Frå allianse til kjærleiksmarkering

For Veronica var det å gifte seg ei viktig markering, da det symboliserer ein lovnad om at ein skal leve livet saman og at ein ikkje lenger berre er kjærastar.

– For meg var det viktig å gjere det før ein eventuelt får barn og som ei sikkerheit når det gjeld økonomi. Eg tenkjer praktisk på det, men tykkjer òg at det er veldig romantisk og koseleg.

I Noreg kjenner vi til bryllaup heilt attende til jernalderen. Da handla ekteskap først og fremst om ei rettsleg avtale mellom slekter. Brudeparet, og spesielt bruda, hadde lite å seie om kven ho skulle gifte seg med.

I dag skil bryllaup seg frå dei gamle tradisjonane ved at det ikkje lenger er slekta og samfunnet rundt som står i sentrum, men heller to individ. Det skriv etnolog Linda Stewart i boka «Bryllup i Norge».

Mann og kvinne held hender i brurestas

Å bli fulgt til alters av faren sin er ein tradisjon som i varierande grad blir følgt, da symbolikken i det er omdiskutert. Det var grunnen til at Veronica og Erlend gjekk inn saman. Foto: Luan Nguyen

Kongeleg mote

I staden for å bli følgt til alters av far sin, gjekk Veronica og Erlend inn i kyrkja saman.

– Det å bli fulgt opp kyrkjegolvet av far sin, viser jo til at kvinna blir gjeven frå ein mann til ein annan. For meg føltes det rart, så eg ville ikkje gjere det slik.

Meir tradisjonell var Veronica i kjolevalet, for fargen ho gjekk for var kvit. Det er dronning Victoria av Storbritannia som har fått mykje av æra for moten kvit brudekjole da ho valte å gifte seg iført ein i 1840.

Forskar i kulturhistorie Herleik Baklid fortel at kvit kjole ser ut til å ha kome i bruk rundt år 1800, men blei på midten av 1800-talet avløyst av skikken med svart kjole.

Den kvite brudekjolen kom på moten igjen i Noreg på starten av 1900-talet. Kvitt symboliserer uskuld og reinleik – kjolen skulle vise at bruda var seksuelt rein og jomfru.

– Eg hugsar at for om lag 50 år sidan kunne enkelte reagere dersom ei kvinne gifta seg for andre gong og skulle ha kvit kjole, seier Baklid.

Brur i kjole

Veronica Danielsen, som til vanleg jobbar på Vitensenteret i Sogn, stod i slutten av april klar som brud på eit slott i Frankrike. Foto: Luan Nguyen

Bukett av hygieneårsaker

– Det var nok sløret, enda meir enn kjolen, som gav meg kjensla av at «nå er eg brud, nå er eg ikkje berre på eit skoleball». Så sløret var veldig viktig for meg, fortel Veronica.

Kvite brudeslør kom frå Austen til Noreg på 1700-talet og dekte over ansiktet til brura. Dei kvite sløret symboliserer uskuld, fortel forskar Baklid.

Sløret til Veronica hadde to lag – ein del som kunne henge framfor ansiktet og ein del til å henge nedover ryggen.

– I forkant av bryllaupet fann eg ut at bakgrunnen for slør som dekkjer ansiktet er at bruda skulle skjulast, slik at brudgommen ikkje skulle kunne ombestemme seg før paret hadde sagt ja til kvarandre. Så da droppa eg å ha slør framfor ansiktet.

Brureslør og kjole sett bakfrå

Det kvite sløret og brudekjolen symboliserer reinleik og uskuld. Foto: Luan Nguyen

Sjølv om brudebukett eigentleg ikkje var så viktig for Veronica, falda ho hendene sine rundt ein bundt av roser og eukalyptus på den store dagen.

Ein meiner at opphavet til brudebuketten kan følgjast tilbake til antikken, ifølgje forskar Baklid. Buketten var da laga av blomster og krydder som skulle halde vonde ånder unna.

– Dessutan blir det hevda at dufta frå buketten skulle dekkje over skjemmande sveittelukt, fortel forskaren.

Dansar seg inn i ei ny fase

Etter ein treretters middag på slottet i Frankrike stod bryllaupskaka for tur. Og tradisjon tru skulle det fyrste stykket skjerast av det nygifte paret saman.

– Vi prøvde å skjere kaka saman med to hender på éin kniv. Det er faktisk ikkje så lett, ler Veronica.

Utsnitt av bryllaupskaker

Å skjere det første kakestykket saman, er ein av mange tradisjonar i bryllaup. Foto: Luan Nguyen

Forskar Baklid fortel at felles deling av bryllupskaka er anteke å symbolisere at det nygifte paret no er eitt og skal dele alt i ekteskapet. Spesialbakte bryllaupskaker er ein gammal skikk som kan sporast tilbake til det gamle Rom.

Bryllaupsfesten vart teke eitt steg vidare da Veronica og Erlend dansa brudevals.

I tradisjonane heitte det at brud og brudgom skulle dansast over frå ugift ungdom til gift stand, kan kulturhistorikar Baklid fortelje. Og for Veronica var dette ein viktig skikk å følgje.

– Eg er kjempeglad i å danse. Det å få lov til å danse i den finaste kjolen med den finaste mannen i verda var veldig fint, fortel Veronica.

Enkepensjon

Dagen derpå starta brudeparet med å gje kvarandre morgongåver.

Ifølgje Baklid brukte ein også slik type gåver i romartida. I Noreg har ein funne bruk av morgongåver frå 1281. Gåva var i utgangspunktet knytt til særeigeekteskap, og var eit verdibeløp kvinna fekk dersom mannen fall ifrå.

– Morgongåva mista sine økonomiske realitetar i Noreg frå 1855 gjennom lovgjeving, seier forskaren.

Par utvekslar ringar

Ringpåsetting er noko mange brudepar inkluderer i vigselsermonien. Foto: Luan Nguyen

I dag blir morgongåve praktisert for å uttrykkje kjærleik utan at det har noko juridiske verdi som «enkepensjon». Erlend og Veronica gav kvarandre morgongåver mykje grunna at det er noko «alle andre gjer».

– Men det var også ein utruleg koseleg måte å starte dagen på. Det er alltid hyggeleg å vise at ein set pris på kvarandre, legg Veronica til.

Makt i tradisjonar

For Veronica gjorde alle tradisjonane at ho fekk følelsen av eit verkeleg bryllaup og at det no endeleg var ho og Erlend sin tur til å gifte seg.

– Samtidig tenkjer eg at det ikkje er vits i å følgje skikkar som ein ikkje synes høyrest morosame ut eller som ikkje passar for ein sjølv.

Og trass i at bryllaup i dag, og alle tradisjonane dei består av, i større grad handlar om individa framfor kontraktfesting mellom slekter, førte bryllaupet til paret frå Kaupanger to familiar saman.

– Det var første gongen familiane våre var samla og dei gjekk veldig godt overeins – det var den beste delen av bryllaupet, avsluttar Veronica.


Fysikar Veronica Danielsen held vitskapsshow på vitensenteret ViteMeir. Foto: Privat