AUF-leiaren om valnederlaget: – Hardt når resultatet kjem

Leiaren av Arbeidarpartiet sitt ungdomsparti har likevel tillit til partileiinga.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– På valdagen var eg først og fremst stolt over innsatsen alle AUF-arane har lagt ned dei siste vekene rundt i alle kommunar og fylke. Det er alltid ein innsats utan sidestykke og eg er så stolt over laget vårt. Så er det hardt når resultatet kjem og ikkje er godt nok.

Leiaren av AUF ser tilbake på årets valkamp og på valdagen førre veke. Sjølv om ho er stolt over innsatsen som er lagt ned, erkjenner ho at resultatet ikkje var bra nok. Arbeidarpartiet har gjort eit historisk dårleg lokalval.

– Vi må vere ærlege på at dette resultatet er for dårleg, og vi må bruke god tid på å diskutere korleis vi skal gjere det betre i 2025, skriv Astrid Villa Eide Hoem i ein e-post til Framtida.no.

– Vi skal vere med i evalueringa av dette og bidra til at vi kjem sterkare tilbake neste val, legg ho til.

Mista posisjon

Arbeidarpartiet enda på 21,2 prosent totalt, medan Høgre vart den store valvinnaren med 25,9 prosent av stemmene. Etter årets kommune- og fylkesval har Arbeidarpartiet dimed mista posisjonen som landets største parti. Det er første gong sidan 1924, altså på 99 år, at partiet ikkje har størst oppslutning i landet.

– Det er rett og slett ikkje godt nok. Og vi må bruke grundig tid på å finne ut korleis vi kan byggje opp tillit igjen. Vi må sjå på politikk, kommunikasjon og organisasjon, skriv AUF-leiaren.

Uheldige saker

Sjølv om Arbeidarpartiet framleis er landets nest største parti, ligg dei an til å miste fleire av dei store byane til høgresida.

I tida fram mot valet, har fleire nasjonale saker knytt til Arbeidarpartiet prega mediebiletet. Mellom anna har fleire arbeidarpartipolitikarar vore involverte i saker om inhabilitet.

– Det har vore uheldig med mange saker som ikkje handlar om politikk, men det vil uansett ikkje vere einaste grunnen. Vi må diskutere og sjå på alt dette. 

– Har du tillit til partileiinga? 

– Ja.

Hoem meiner partiet no må stake ut ein tydeleg kurs.

Dårleg skuleval

Også i skulevalet gjekk Ap tilbake. Høgre og Framstegspartiet vart vinnarane med 21,9 og 19,5 prosents oppslutning blant elevane i landet i vidaregåande skular. Arbeidarpartiet fall kraftig tilbake til 17 prosent.

AUF-leiaren seier at dei sjølvsagt kunne gjort ting annleis, og at dei difor skal ha grundigare rundar og diskutere korleis dei skal vinne skulevalet igjen i 2025.

– Spesielt unge menn går til høgresida i årets val – korleis skal Ap og AUF få med seg denne gruppa?

– Vi har ikkje god nok oppslutning i alle grupper, inkludert unge menn, og det blir ein viktig del av evalueringa å sjå på korleis vi kan nå betre ut til desse.