Russell Brand skulda for valdtekt i ny dokumentar

Profilen nektar for skuldingane.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 19.09.2023 15:09

Fleire kvinner sto laurdag fram i dokumentaren Russell Brand: In Plain Sight med skuldingar mot profilen om valdtekt og seksuelle overgrep.

Det er den britiske avisene The Times og The Sunday Times, og TV-programmet Dispatches på den britiske kanalen Channel 4 som står bak avsløringane i dokumentaren.

Brand er kjent frå forskjellige ting. Han var ektemannen til Katy Perry fram til 2012, har vore komikar, skodespelar og dei siste åra har han profilert seg på YouTube. Hendingane han blir skulda for skal ha skjedd mellom 2006 og 2013, då han var programleiar hjå BBC Radio 2, MTV og Channel 4.

I dokumentaren blir Brand skulda for fleire overgrep. Ei kvinne seier han valdtok henne, og ei anna kjem med skuldingar om fysisk vald og seksuelle overgrep.

Ei tredje kvinne fortel at dei vart saman då ho var 16 år og han var 31 år, og at på slutten av forholdet forgreip han seg på henne seksuelt. 

Brand har avvist skuldingane i ein video på YouTube-kanalen sin. Han går ikkje inn på dei spesifikke skuldingane, men seier det dreier seg om tida då han jobba i rampelyset og var mykje i media. Ifølgje han sjølv var han «veldig promiskuøs» på denne tida, men han understrekar at forholda alltid var med samtykke.