Eit år med demonstrasjonar i Iran

– Demonstrasjon ligg djupt i den iranske kulturen

Eit år har gått sidan Jina Mahsa Amini døydde i politiet si varetekt. Sidan då har ho blitt sjølve symbolet på kvinnerettsrørsla i Iran.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

15. september i fjor var 22 år gamle Jina Mahsa Amini på ferie i Tehran for å besøka tanta si. I hovudstaden vart ho stoppa av moralpolitiet, ein del av den iranske politistyrka som har ansvar for å handheva lovar som går på sømmelegheit og moralsk oppførsel.

Amini vart arrestert av moralpolitiet for å «bæra dårleg hijab», eit omgrep som brukast om kvinner som viser for mykje hår, hud eller bruker for mykje sminke, ei grense som i stor grad er opp til den enkelte politibetjenten å dømma. Amini vart teken i varetekt, og enda med å døy få dagar seinare.

DØD ETTER PROTEST: Mahsa Amini vart arrestert for å ikkje bruke hijab i tråd med loven i Iran. Foto: Familien til Mahsa Amini

Amini sin død var dropen som fekk begeret til å renna over for mange iranske kvinner. Vekene og månadane som følgde var prega av demonstrasjonar og stor internasjonal merksemd.

No, eit år seinare, har fleire titusen blitt arresterte, blant dei er mange barn, ifølgje Amnesty.

Dei iranske anstendigheitslovane har eksistert så lenge som den iranske republikken, men har blitt endra periodevis gjennom åra.

Foto: Taymaz Valley

– Stabil flyt av ulydnad

Etter eit år kan mykje tyda på at situasjonen i Iran blir verande uendra, myndigheitene held fram med å slå ned på demonstrasjonar og sivil ulydnad. Nyleg har ei ny lov blitt introdusert, som siktar seg mot å totalt skilja menn og kvinner frå kvarandre, noko FNs menneskerettsorganisasjon kallar eit «kjønnsapartheid».

– Desse nye lovane er myndigheitene sine reaksjonar på den stabile flyten av sivil ulydnad som har strøymt det siste året, fortel Batmanghelichi.

Ho fortel at demonstrasjonane ikkje har stoppa, men heller teke nye formar.

Foto: Privat

Bruker gammaldagse metodar

– Dei iranske styresmaktene er gode på å blokkera informasjonsflyten; å stenga internett, telefontårn og liknande. Demonstrantane har justert seg til dette og bruker heller meir old school-metodar for å få ut bodskapane sine, seier Batmanghelichi.

Motstandarar av regjeringa spreier flygeblad og måler graffiti for å dela informasjon om kvar demonstrasjonane skjer, og for å visa at kampen ikkje er ferdig kjempa.

– Demonstrantane malar vegger med slagord og bilete, så vaskar myndigheitene det vekk, men så er det tilbake morgonen etter.

– Det viser ånda til det iranske folk, seier ho.

quote-left

– Det funkar ikkje, Iran har ei lang historie med demonstrasjonar. Dette ligg djupt i kulturen.

quote-right