Iranske Saman (28) måtte flykte etter bikinibilete – no deltek ho på OLs flyktninglag

For tredje gong er det med eit flyktninglag i sommar-OL. I år er det rekordmange utøvarar med.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg hadde alt i Iran og hadde aldri tenkt på å migrere. Eg var veldig trist over at eg ikkje kunne kome tilbake til landet mitt. Eg visste ikkje då at eg forlot heimlandet mitt for siste gong, fortel 28 år gamle Saman Soltani til NTB.

Ho er ein av dei 37 utøvarane som er på det olympiske flyktninglaget, og skal delta i padling under Paris-leikane.

Som ung dreiv Soltani med symjing og synkronsymjing, men på grunn av hijab-reglane kunne ho ikkje konkurrere internasjonalt. Då ho var 18 starta idrettsutøvaren med padling, og ho har vunne medaljar i begge idrettane.

Telefonen som endra alt

Men det er ikkje det iranske flagget Soltani skal ha på brystet under OL i Paris.

Saman Soltani skal delta i Paris-OL i padling som ein del av det olympiske flyktninglaget. | Foto: IOC/John Reed

For to år sidan var ho i Barcelona på symjeleir. På flyplassen på veg heim, fekk ho ein telefon som snuddde opp ned på livet hennar. Idrettsutøvaren fekk beskjed om at det ikkje var trygt for ho å reise attende til Iran. Soltani hadde lagt ut bilete av seg sjølv på Instagram i bikini og utan hijab.

– Eg var ein kjent person i Iran, så det eg gjorde var heilt uakseptabelt for regimet, forklarte ho til NRK som intervjua ho i april i år. Soltani seier at ho risikerte fengsel og tortur.

Ho hadde blitt åtvara mot å reise på symjeleiren, men ville vere eit førebilete for unge talent som lever med dei strenge reglane i heimlandet.

Flyktninglag

Soltani var fortvila og ante ikkje kva ho skulle gjere. Redninga vart ein europeisk mann ho hadde vore tolk for i Iran for fleire år sidan og som ho hadde telefonnummeret til. Mannen, Uwe Schlokat, bad ho kjøpe billett til Wien der han budde. I dag har ho fått asyl i Austerrike.

Etter kvart byrja ho med padling att, og ho har trent med det austerrikske landslaget. No har Soltani fått plass på det olympiske flyktninglaget.

Saman Soltani fortel at Uwe Schlokat har blitt som ein andre far for ho. | Foto: Javad Parsa/NTB

Det var i 2015 at IOC-president Thomas Bach kunngjorde at eit lag med flyktningar skulle delta i Rio-OL året etter. Bakteppet var flyktningkrisa som prega verdsbiletet. Paris 2024 er tredje gongen det er eit flyktninglag med i sommar-OL.

Flyktninglaget representerer over 100 millionar menneske som er fordrivne frå heimlanda sine. I år er laget rekordstort, med 37 utøvarar som av ulike årsaker ikkje kan konkurrere for heimlandet sitt.

– Min største sportslege draum har gått i oppfylling, og eg er veldig, veldig glad, seier Soltani til NTB.

14 av årets utøvarar på laget kjem frå Iran. Andre nasjonar som er representert er mellom anna Afghanistan, Syria, Etiopia og Sør-Sudan.

Vil inspirere

– Det er eit lag alle kan støtte. Vi ønsker òg å inspirere andre flyktningar og gi dei håp om at ting ein dag vil endre seg, sa Masomah Ali Zada i ein tale før OL.

Ho leiar det olympiske flyktninglaget, og deltok sjølv for laget under Tokyo-OL. Den afghanske syklisten håper at flyktninglaget i år vil ta sin første medalje.

– Eg har vore utsett for mykje diskriminering i livet mitt, så eg er svært stolt over at vi er eit lag der alle er frå ulike land, men alle blir respekterte på same måte, sa ho.

Masomah Ali Zada frå Afghanistan har sjølv delteke for flyktninglaget tidlegare, og er no leiar for dei under sommarleikane i Paris. | Foto: AP Photo/David Goldman