Skal undersøke korleis historiske traume påverkar helsa

Dei helsemessige konsekvensane av fornorskinga skal dokumenterast.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I oktober startar folkehelseundersøkinga SAMINOR3. Denne undersøkinga skal finne ut korleis fornorskinga og andre historiske traume påverkar helsa.

80.000 menneske frå Engerdal i sør til Kirkenes i nord blir inviterte til delta i undersøkinga, som skal besøkje rundt 50 kommunar i Noreg.

Eitt av temaa i undersøkinga det blir knytt mest spenning til er konsekvensane av fornorskinga.

Undersøkinga startar etter publiseringa til Sannings- og forsoningskommisjonen, som vart lagt fram i juni. Rapporten dokumenterte den dystre arven til fornorskinga i Noreg gjennom eit hundreår.

No skal dei helsemessige konsekvensane dokumenterast.

– For å forstå korleis fornorskinga har påverka helsa til folk, treng vi å samle inn omfattande helsedata som dekkjer alt frå kroppslege plagar og mental helse, til kva som gir det gode liv. Desse dataa kan gi oss litt innsikt i dei helsemessige konsekvensane av fornorskinga, seier leiar for Senter for samisk helseforsking, Ann Ragnhild Broderstad.

Sametinget ser med spenning på korleis SAMINOR3 kan kaste lys over etterdønningane av fornorskinga og dagens helseutfordringar i den samiske befolkninga.