Fryktar for partiet – for lave stemmetal

Endringar i vallova gjer at Liberalistane må vurdere å leggje ned partiet.

Kristin Molvær
Publisert

– Dette er eit klart brot på prinsippet om ytringsfridom og retten til politisk deltaking, seier partileiar i Liberalistane, Arnt Rune Flekstad på telefon til Framtida.no.

Eit parti må ha hatt 5000 stemmer i eit stortingsval for å automatisk bli inkludert i stemmesetelen ved neste stortingsval.

Det kjem fram i den nye vallova som tredde i kraft frå 1. mai.

Difor står no Liberalistane og fleire småparti i fare for nedlegging.

Partileiar Arnt Rune Flekstad er klar på kva han meiner om den nye valllova. | Foto: Liberalistane

480 stemmer unna

Liberalistane nådde nesten kravet, då dei fekk 4520 stemmer, eller 0,2 prosent, ved førre stortingsval i 2021.

Partiet har no kalla inn til ekstraordinært landsstyremøte der dei skal drøfte om partiet skal leggjast ned eller ikkje. Får ein ikkje 5000 stemmer, lyt ein samle inn underskrifter frå 1 prosent av alle med stemmerett, som svarar til 38 917 stemmer.

Partileiaren meiner det må til eit «mirakel» om det skal skje.

– Det er nesten umogleg, og vil krevje ei heilt enorm mobilisering på grasrotnivå, seier Flekstad.

Han peiker på at det no vert enklare å stille liste for eit nystifta parti.

– Foreløpig treng ein berre 5000 underskrifter for å registrere seg i partiregisteret, og står deretter fritt til å stille i heile landet om ein ikkje har stilt til stortingsval tidlegare.

Politisk mobilisering

– For å samle dei nødvendige signaturane, må vi stoppe rundt 400 000 personar og er avhengig av at kvar tiande person signerer.

Han legg også til at med den nye lova, kan ein også berre signere for eit parti si liste.

– Då er ein i tillegg avhengig av å treffe på folk som ikkje har signert på ei anna liste, sidan signaturen då vil falle bort.

Underskriftene må også sendast inn saman med komplette vallister i alle fylke. Og arbeidet med desse er endå ikkje starta.

Fleire småparti er trua

Andre parti som står i same situasjon, inkluderer Alliansen, Innovasjon- og teknologipartiet og lista Pasientfokus i Finnmark.

Partiet Sentrum, Pensjonistpartiet og INP fekk alle over 5000 stemmer sist val.

– Eg ser ingen store problem med den nye lova, men har full forståing for utfordringane Liberalistane og dei andre no står overfor, seier leiar i Unge Sentrum Håvard R. Magelssen.

– Så kan det vere nokon får ekstra motivasjon til å kjempe for partiet sitt, legg han til.

Han fryktar ikkje for moderpartiet Sentrum, som fekk 7 836 (0,3 prosent) stemmer ved sist stortingsval.

– Eg er trygg på at vi vil komme godt over 5000 stemmer ved neste val, slik vi har gjort ved kvart val. Vi jobbar hardt og aktivt i hele landet, og har blitt lønna med at vi no er inne i sju kommunestyre.

– Ved neste val er målet å komme inn på Stortinget og det skal vi klare! seier ungdomspartileiaren.