Valdeltaking på 62,2 prosent i kommunevalet

62,2 prosent av dei stemmeføre i Noreg valde å bruke stemmeretten ved kommunevalet i år. Det er dårlegare enn for fire år sidan.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med 99,7 prosent av stemmene opptalde kl. 03.00 var det gitt 2.639.682 stemmer ved kommunevalet i år. Ifølgje Valdirektoratet utgjorde dette ein forventa frammøteprosent på 62,2.

Verd å merke seg er at rundt 48 prosent av alle stemmer vart gitt som førehandsstemmer, noko som er ny rekord.

Ikkje sidan 1983 har valdeltakinga på kommunalt nivå vore over 70 prosent (72,1). På 1990-talet og 2000-talet låg oppslutninga i overkant av 60 prosent, med eit botnnivå i 2003, då berre 59 prosent valde å bruke stemmeretten.

For fire år sidan var frammøtet på 64,7 prosent.